Bruker meir pengar på Halloween enn TV-aksjonen

PORSGRUNN (NRK): Under TV-aksjonen tidlegare denne månaden gav nordmenn i snitt 35 kroner. No nærmar det seg Halloween, og til dette handlar nordmenn inn for om lag 50 kroner kvar.

Lena Gjerum

NØGD: Lena Gjerum hjå BR-leker viser fram eit av dei kostyma ho har selt mest av.

Foto: Anne Svanaug Straume / NRK

– Her er det kjærleik med skjeletthender til pinne, det er litt kult å ha i skåla når ungane kjem, seier ein av kundane på Europris medan ho putter dei ned i korga. Der ligg det allereie sjokolade og anna godt.

I Noreg nyttar me 270 millionar kroner på Halloweenfeiring, det kjem fram av tall hovudorganisasjonen for handelsnæringa, VIRKE, har lagt fram.

– Tullete pengebruk

Til TV-aksjonen har det kome inn i overkant av 183 millionar kroner, samstundes nyttar nordmenn nesten 50 prosent meir til Halloween.

Kva synest du om at me nyttar 270 millionar kroner på Halloweenfeiringa?

– Det synest eg er veldig mykje, det er greitt å bruke litt, men ikkje so mykje. Det vert litt tullete pengebruk, det seier Ellen May Årseth.

Ho veit ikkje sjølv kor mykje ho kjem til å handle for i dag, men det vert litt godteri til dei som kjem på døra.

Kostyme til 300 kroner

Hjå BR-leker i Porsgrunn har dei pynta opp til Halloween. Dei har ein edderkopp hengande frå taket, og på ein TV-skjerm ved inngangen kan ein sjå inspirasjonsvideoar med mellom anna sminketips.

– Me sel mykje no. Etter skulen, frå klokka 14 og utover kjem det mange born med foreldra sine for å kjøpe kostyme til helga, seier Lena Gjerum, butikksjef for BR-leker Porsgrunn.

Her kostar eit kostyme mellom 200 og 300 kroner, og Gjerum fortel til NRK at mange kjøper nytt kostyme kvart år.

Auka handel mellom sumar og jol

Bror Stende i VIRKE er nøgd med at ein får ei auke i handelsnæringa om hausten.

– Det vert ein del handel i samband med Halloween, me syns det er eit fint høve til å ta med seg den omsetnaden ein kan få i denne tida.

Stende sjølv skal ikkje feire Halloween, men seier har kjem til å ha noko godt klart til dei som måtte kome.

Facebookgruppe protesterer

Facebookgruppa "Ut med "Knask eller Knep", inn med julebukk", har til no meir enn 126.000 følgjerar. På gruppa skriv dei at dei heller ynskjer at born skal kome som jolebukk, i staden for å kopiere amerikanske tradisjonar.

På Europris i Porsgrunn, er kundane NRK har snakka med samde om at dei likar jolebukk betre enn Halloween. Likevel seier dei at Halloween er komen for å bli.

– Eg må innsjå at dette er tradisjonen til borna mine, jamvel om eg ikkje har vore ein del av han, seier ein av kundane til NRK.