Hopp til innhold

NM-bronse til Krog

Magnus Krog frå Høydalsmo tok NM-bronse i kombinertrennet på Beitostølen i dag.

Magnus Krog

Magnus Krog gjekk seg opp frå ein 12. til ein 3.-plass i langrennet.

Foto: SEBASTIEN BOZON / Afp

Medaljevinnaren frå Sotsji-OL lag heilt nede på 12.-plass etter hopprennet i Midtstubakken torsdag.

Men i langrennet var høysekken i ein klasse for seg. Halvvegs i det 10 kilometer lange langrennet hadde han teke inn meir enn eit minutt på Jarl Magnus Riiber, som hadde eit forsprang på to minuttar og 10 sekund etter hopprennet.

Suverent langrenn

Krog gav alt på dei siste kilometerane, men klarte aldri å truge 18 år gamle Jarl Magnus Riiber, som vann 14,4 sekund før veteranen Håvard Klemetsen, og 27,8 sekund før Krog.

– Medalje er bra. Eg er nøgd med den, sa Magnus Krog til NTB etter løpet.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark