Hopp til innhold

Mobbing og netthets trugar lokaldemokratiet

Ordførarane i Telemark er grundig lei av mobbing og anonym netthets. Dei meiner det er ei grense for kva folkevalde må tole.

Mobbing og netthets trugar lokaldemokratiet

Ordførarane i Telemark reagerer på facebooksider som dette. Her er det ordføraren i Skien som blir angripen anonymt.

Alle 18 ordførar i Telemark stiller seg nå bak eit felles opprop for å stoppe netthets som dei fryktar kan ramme lokaldemokratiet.

Hedda Foss Five

Hedda Foss Five er ordførar for Arbeidarpartiet i Skien.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Dei meiner at mobbinga på nett kan vere eit trugsmål mot demokratiet.

Les også:

Heller prat enn gravstøtter

Ordførarane var tysdag samla i Bø i Telemark. Her ser Skiensordføraren for første gang den nettsida ho blir mobba på. (Sjå video over)

– Eg skulle ønska meg ein annan form på debatten. Ein god prat. Heller det enn gravstøtter og anonyme facebooksider, seier Hedda Foss Five.

Kåre Preben Hegland

Kåre Preben Hegland er ordførar for Høgre i Kragerø.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Mange av ordførarane som var samla i Bø har opplevd mobbing.

– Vi ønskjer at lokaldemokratiet skal representere eit tverrsnitt av folket. Mobbinga kan føre til at vi får ei gruppe menneske som kan tole meir enn andre. Og då vil vi etter kvart få eit ikkje-representativt lokaldemokrati, seier ordførar i Kragerø, Kåre Preben Hegland.

Blei drapstruga for meiningar

Han smiler i dag ordføraren i Hjartdal, men han har opplevde kor tøft det kan bli då han blei drapstruga på grunn av sine politiske meiningar.

Sven Tore Løkslid

Sven Tore Løkslid er ordførar for Arbeidarpartiet i Hjartdal.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

– Ein ting var meg, ein annan ting var familien min. Så eg var veldig glad for at politiet opna etterforsking på eige initiativ, seier Sven Tore Løkslid.

Sjølv hadde han mest fokus på saka som måtte løysast.

– Men det er klart det pregar deg. Eg er berre eit menneske som alle andre politikarar, seier Løkslid.

Les også:

Anonyme trugsmål og gravsteinar

Neste år er det kommuneval. Netthetsen kan føre til at færre tør å stå på vallistene.

Bjørg Tveito Lundefaret

Bjørg Tveito Lundefaret, ordførar for Arbeidarpartiet i Nome.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

– Eg er vane med å stå i tøffe stormar, og toler hard kritikk. Eg toler at folk er sinna på når dei er ueinige i sak. Men anonyme trugsmål og gravsteinar likar eg ikkje noko særleg, seier Foss Five.

Ordførar i Nome, Bjørg Tveito Lundefaret, seier at det går ei grense også for kva ein ordførar skal tole.

– Trugsmål og anonyme facebooksider er å gå alt for langt. Det har ikkje noko med ein sakleg politisk debatt å gjere, seier Lundefaret Tveito.

I Hole kommune i Buskerud er ordføraren no blitt sjukemeldt etter trugsmål.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark