Nettbuss overtar sjåførar

Tilsette i Telemark bilruter får truleg nytt arbeid i Nettbuss når det største busselskapet i landet overtar retten til å køyre skuleruter og dei lokale rutene i Vest-Telemark. Nettbuss har fått kontrakt på rutene frå 1. juli neste år og i sju år framover. Det er kontrakten med fylkeskommunen som sikrar dei tilsette arbeid i Nettbuss, skriv Vest-Telemark blad.