Hopp til innhold

Nesten ingen veit om verdsarven

NOTODDEN (NRK): Ei ny marknadsundersøking syner at få nordmenn veit kva som har verdsarvstatus her i landet. Berre ein prosent av dei som var med i undersøkinga visste for eksempel at Rjukan og Notodden er på verdsarvlista.

Vemork natt

IKKJE KJEND: Nesten ein tredjedel av dei som var med i undersøkinga veit ikkje om UNESCO si verdsarvliste. Vemork på Rjukan er eit av bygga som står på denne lista.

Foto: Dieter Pfleger

– Det som kanskje er mest overraskande er jo at 31 prosent av dei spurte ikkje ein gong har høyrd om UNESCO si verdsarvliste, seier direktør for Norsk Industriarbeidarmuseum på Notodden og Rjukan, Runar Lia.

1070 personar deltok i undersøkinga som vart lagt fram på Notodden i dag. Tala som vart lagt fram der er ikkje noko å hoppe i taket for.

– Eg kan diverre ikkje seie at eg er overraska og me ønsker sjølvsagt at verdsarvstatusen til Notodden og Rjukan skal vere betre kjend, seier Lia.

Runar Lia

IKKJE OVERRASKA: Direktør for Norsk Industriarbeidarmuseum, Runar Lia, seier han ikkje er overraska over dei dårlege tala.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Berre ein prosent visste om Notodden og Rjukan sin verdsarvstatus. Samstundes svarte heile 31 prosent at dei aldri har høyrd om verdsarvlista i det heile tatt.

– Denne undersøkinga syner jo at me har ein jobb å gjere på Notodden og Rjukan, men me ser jo også at heile verdsarvprosjektet må løftast opp, seier Lia.

Les også: Notodden og Rjukan er verdsarv

Notodden, verdensarv

EIN PROSENT: Industribyen Notodden sin verdsarvstatus er saman med Rjukan lite kjend.

Foto: Anne Longvik / NRK

Tek tak

– Dette syner at me er nøydd til å få fortalt folk kva UNESCO si verdsarvliste faktisk er, seier verdsarvkoordinator Alexander Ytteborg.

Han har ansvaret for prosjektet på Notodden og Rjukan.

– Me håpar at det nye verdsarvsenteret som opnar til våren, vil vere med på å byggje opp kjennskapen til UNESCO, seier Ytteborg.

I motsett ende av skalaen finn me Bryggen i Bergen. I undersøkinga visste 31 prosent at denne bryggja stod på verdsarvlista.

Alexander Ytteborg

MÅ BLI BETRE KJEND: Verdsarvkoordinator, Alexander Ytteborg, håpar det nye verdsarvsenteret vil auke kjennskapen til verdsarvlista.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

– Verdsarvstatus er nok som mange andre ting prega av konkurranse når det gjeld å trekke folk. Til Rjukan kjem folk fordi dei er interessert i krigshistoria, mens til bryggja i Bergen er det jo mange som kjem for å kjøpe fisk.

Runar Lia meiner desse tala no vert eit viktig verktøy.

– Denne undersøkinga må me jo no ta i bruk når me skal planleggje framtidig marknadsføring. Samtidig gjev dei oss eit utgangspunkt når me skal måle kjennskapen til verdsarvlista på eit seinare tidspunkt, seier han.

Bryggen i Bergen med gjestehavn for båter i forgrunnen.

MEST KJEND: Bryggja i Bergen scorar best av dei ulike elementa på verdsarvlista.

Foto: Johansen, Erik / NTB scanpix