NRK Meny
Normal

Lærarstreiken stoppar sydenferie

Elevane i skulen i Skien får ikkje permisjon for å ta ekstra ferie før jul. Det har leiinga for grunnskulane avgjort.

Sol og strand

Etter lærarstreiken får ikkje elevar i grunnskulen i Skien høve til å reise til Syden i skuletida.

Foto: Lier, Gunnar / SCANPIX

Det er oppvekstsjef Grete Gjelten i samarbeid med rektorane som strammar inn permisjonsreglementet, slik at elevane kan ta att undervisningstid som gjekk tapt under lærarstreiken.

– Under streiken i vår mista elevar i ungdomsskulen inn til 18 undervisingsdagar. Det er viktig at elevane er på skulen dei dagane som er att, seier rektor Mari Lunde ved Menstad ungdomsskole.

Les også:

FAU stør rektor

Leiar i Foreldrerådets Arbeidsutval ved Gjerpen barneskole, Halvor Berg-Hansen, stør avgjersle.

– Skuleleiinga i Skien fortener honnør for å ta grep, slik at elevane får den undervisninga dei skal ha. Dette er særleg viktig for 10.-klassingane, som snart har eksamen, seier Berg-Hansen.

I det gjeldande reglementet kan foreldra søke elevane fri i inntil ti skuledagar i året. Skulane skal framleis handsame søknader individuelt, men fram til jul er hovudregelen at ingen får fri utanom dei ordinære skuleferiane.

– Etter nyttår vil me vurdere om ordninga skal halde fram ut året, seier Mari Lunde.

Færre feriar gjev mindre fråfall

Lunde meiner at det er fleire grunnar til å praktisere permisjonsreglementet strengt.

– Elevar med stort fråvær i ungdomsskulen tek fråværet med seg inn i den vidaregåande skulen. Då aukar faren for dropp-out. Det er eit hovudmål for skulane i Skien å redusere fråfallet i den vidaregåande skulen.

Rektor Mari Lunde

Fem foreldrepar har klaga til fylkesmannen etter at rektor Mari Lunde sa nei til ekstra ferie.

Foto: Johs Apold / NRK

Sjølv om FAU ved fleire skular stør avgjersla om ein strengare praksis, er det og foreldre som meiner at det er ugreitt å straffe elevar etter at lærarane streika. Etter at rektor ved Menstad ungdomsskole har avslått fleire søknader om ekstraordinær ferie, har ho fått klager.

– Fem klagesaker frå foreldre ved skulen ligg no til endeleg avgjerd hjå fylkesmannen i Telemark, seier Mari Lunde.