SE OGSÅ: |
LYD OG VIDEO |
Hjelp | Mer lyd og video |
ALT OM: |
Kyrkjeasylantane frå Pakistan som sidan i førre sundag har budd i Kviteseid kyrkje, nektar å flytte ut av kyrkja.
Familien på sju har fått endeleg avslag om oppholdsløyve i Noreg.
Men asylantane fryktar for livet, dersom dei blir sendt tilbake til Pakistan.
Denne familien frå Pakistan har søkt kyrkjeasyl i Kviteseid.
Soknerådet i Kviteseid hadde gjeve familien frist til laurdag 15. mai med å forlate kyrkja.
Mannen skifta religion
Sokneprest i Kviteseid, Kjell Arne Norum, seier at tilhøva ikkje ligg til rette for at ein familie skal bu i kyrkja.
I Kviteseid kyrkje søker ein familie på sju vern mot norsk politi.
Dei er redde for at lensmannen skal kome og ta dei, og sende dei tilbake til Pakistan.
Det betyr døden, seier dei.
Trugsmålet i heimlandet heng saman med at mannen har skifta frå å vere sunni-muslim til å bli shia-muslim.
- Seks personar er drepne i min familie seier han.
Soknerådet har vedteke at familen må flytte ut av Kviteseid kyrkje.