Foreldra reagerer på at barnehagen ikkje får den bemanninga den skal ha på grunn av tilsettingsstopp i Porsgrunn kommune.
I tilegg til å halde tilbake 1000 kroner på foreldrebetalinga blir det også sendt protestbrev til kommuneleiinga, skriv Porsgrunns Dagblad.
Forbrukarrådet støttar foreldreaksjon
Forbrukarrådet støttar aksjonen til foreldra mot forverringa av tilbodet i Brevik barnehage.
Utrekninga er gjort med bakgrunn i ei liknande sak i Marmorberget barnehage i Oslo.
Her var det manglar ved leikeapparata som var bakgrunnen for prisreduksjonen. Der blei det tilrådd ein reduksjon på 30 til 50 prosent.
I Brevik er det snakk om dårleg pedagogisk tilbod på grunn av personalmangel. Det gjer om mogleg situasjonen endå meir alvorleg.
Set pengane inn på sperra konto
Foreldre i Brevik reagerer på dårleg barnehagetilbodet.
Lasse Gumpen som har stått i spissen for aksjonen, seier at foreldra kjem til å opprette ein sperra konto der dei sett inn beløpet dei blir enige om å halde tilbake av foreldrebetalinga.
Han trur ikkje det blir noko problem å organisere foreldra til denne aksjonen.
Gumpen meiner det er eit paradoks at dersom foreldra held tilbake ein tusenlapp for kvart barn på ei avdeling, så tilsvarar det beløpet om lag ei månadsløn til ein tilsett med pedagogisk bakgrunn.
- Vi merkar oss at folk flest vurderer å flytte barna til private barnehagar. Det offentlege vil aldri godteke slike ulovlege forhold i ein privat barnehage, seier Gumpen.