Nei til vinteropen veg

Hardangerviddarådet seier nei til eit prøveprosjekt med vinteropen veg over Imingfjell mellom Tessungdalen og Uvdal. I staden valde rådet å gå inn for dagens praksis med å brøyte vegen til Småroi i vinterferien og helger mellom vinterferie og påske når det ikkje er villrein i området. Tinn og Nore og Uvdal vil ha eit prøveprosjekt på fire år med vinteropen veg.