SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Høyringsfristen for planane til Norsk Hydro om mudring av Frierfjorden og deponering av slammet i Gunneklevfjorden er no ute.
Statens Forureiningstilsyn, som behandlar saka, har motteke 13 høyringsuttaler. Fleire er svært skeptiske til planane, og fryktar meir ureining.
Herøya Velforening, og leiar Tone Bastiansen, er imot ein kva form for deponering i Gunneklevfjorden.
Slam frå Frierfjorden kan bli dumpa i Gunneklevfjorden.
- Vi har sendt inn ei høyringsuttale til SFT der vi seier at vi ikkje godtek nokon form for utfylling i Gunneklevgjorden, sier ho.
Har lova rein fjord
Herøya Velforening meiner Gunneklevfjorden er ein av dei mest ureina fjordane i landet, og bør ikkje bli belasta med meir miljøgiftig mudder. I si høyringsuttale til Statens Forureiningstilsyn understrekar dei tidlegare løfte om miljøtiltak i fjorden.
- Vi har framheva eit punkt under miljøpakke Grenland der det blei lova at fjorden skulle vere rein i år 2000, men det har jo ikkje skjedd. Så vi ønskjer ikkje meir ureining i Gunneklevfjorden, fordi dei må først få gjort det dei har lova, seier Bastiansen.
Herøya Velforening ønskjer at muddermassene frå Frierfjorden skal bli deponert på NOAH sitt anlegg på Langøya istaden for i Gunneklevfjorden. No håpar dei på støtte frå Statens Forureiningstilsyn.
Vil sjå på kritikken
- Vi er jo små samanlikna med dei som vil dumpe mudderet i Gunneklevfjorden, men eg håpar at dei vil ta omsyn til oss som bur her, seier Bastiansen.
Norsk Hydro samarbeider med Grenland hamnevesen og Eramet Norge AS om mudringsplanane og utfyllinga i Gunneklevfjorden. Hamnedirektør Finn Flogstad er oppdragsleiar for prosjektet, og seier dei vil sjå nærare på kritikken frå Herøya Velforening.
- Eg ønskjer og sjå nærare på kritikken, og vi vil gjere alt vi kan for å få til ei god miljømessig løysing på deponeringa av slammet, seier Flokstad.