Hopp til innhold

Naudnett-utbygginga blir forsinka

Utbygging av nytt naudnett på Sørlandet, i Vestfold og Telemark er forsinka på grunn av datafeil. Dermed blir ikkje nettet landsdekkande før hausten 2016.

Håndsett nytt nødnett
Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Det nye naudnettet, til ein prislapp på 6 milliardar kroner, skulle ha stått klart i løpet av året. Men ifølge Direktoratet for naudkommunikasjon (DNK) vil første halvår neste år gå før alle naudetatane kan ta i bruk den felles sambandsløysinga, skriv Aftenposten.

Utbygginga blei vedtatt av Stortinget for tolv år sidan. Forseinkinga som DNK nå viser til, skuldast at det er funne grove feil ved programvara som forsinkar utbygging på Sørlandet, i Vestfold og Telemark med meir enn ni månader.

Fann fleire feil

Dei fire fylka i sør skulle ha tatt i bruk nettet samtidig i oktober i fjor, men berre politi og brann blei med på overgangen. Ambulansetenesta blei ikkje med fordi det blei avdekka kritiske feil i systemet som kommuniserer med helsesektoren.

– Vi har fått tilbakemelding om at leverandøren har oppdaga ytterlegare feil, og har meldt tilbake at dei ikkje klarer å overhalde fristen på veke sju i 2015, står det i eit informasjonsskriv frå Helsedirektoratet.