Hopp til innhold

Har trua på nasjonalpark her

Protestane har vore mange, og dei har ført fram. I snart to år har kampen pågått. No skal dommen fellast.

Jomfruland

Denne vakre øya blir ein del av nasjonalparken langs kysten.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Bilete av Morten Johannessen som forklarer korleis arbeidet med nasjonalparken g[r

Den politiske handsaminga av Jomfrulands Nasjonalpark er i gang.

Neste sommar kan denne vakre øya bli ein del av ein Nasjonalpark i skjergarden. To slike nasjonalparkar er under arbeid. Ein på Telemarkskysten og ein på Sørlandskysten.

Billehotell i eikeskogen på Jomfruland

Billehotellet i eikeskogen på Jomfruland husar mange tusen biller og insekt

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Med nasjonalparkar følgjer mange restriksjonar, men også betra vedlikehald, seier prosjektleiar Morten Johannessen. Han har tru på at planen skal få tilslutning hos Kongen i statsråd.

Omfattande sakshandsaming

15 forskjellige utgreiingar er gjort. Dei viktigaste har vore kartlegging av bruken i dag, og konsekvensane ein nasjonalpark får for bruk av Jomfruland og Stråholmen i framtida.

Morten Johannessen

Prosjektleiar Morten Johannesen peikar på kartet over Stråholmen og Jomfruland.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Protestane har vore mange og heftige, men no meiner Johannessen at planen bør kunne passere.

Både øyfolket og hyttefolket har fått gjennomslag for viktige saker. Blant anna er gardsbruk og hytter på dei to øyane er tatt ut av verneplanen.

Og det er tatt omsyn til rekefiske på utsida av Jomfruland.

Jomfruland er på vei til å bli norges neste nasjonalpark.

Sjå reportasje frå 2. juni 2014

Politikarane sin tur

Rullesteinstranda på Jomfruland

Rullesteinsstranda på Jomfruland skal vernast.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Formannskapet i Kragerø får høyringsutkastet i påskeveka, og 16. april er det kommunestyret sin tur.

Passerer planen det politiske nivået, skal den ut på høyring til interesseorganisasjonar og enkeltpersonar.

Deretter er det Miljødirektoratet og Miljøverndepartementet sin tur, og til slutt Kongen i statsråd, det vil sei regjeringa.

Og då kan Jomfruland Nasjonalpark vera ein realitet sommaren 2016.

Mange har meint mykje

Prosjektleiar Morten Johannessen hjå fylkesmannen meiner at forslaget er godt forankra i lokalsamfunnet.

Prosjektleiar Morten Johannessen diskuterer med leiaren i Jomfruland Vel

Prosjektleiaren og leiaren i Jomfruland Vel diskuterer

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Nasjonalparkstempelet vil gje langsiktig forvalting, og fleire ressursar til vedlikehald og utvikling, meiner Johannessen.

Det handlar om å sikre øyriket betre for etterkomarar.

Lokal vetorett

Når det gjeld dei to nasjonalparkplanane, har lokaldemokratiet full styringsrett, og kan ikkje bli overkøyrde av staten.

Kragerø, Grimstad, Arendal og Tvedestrand har vetorett

To tårn på Jomfruland

Dei to karakteristiske tårna på Jomfruland er kjende landemerke.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Både når det gjeld Jomfruland Nasjonalpark, som går frå Bamble til Risør, og Raet Nasjonalpark, frå Grimstad, Arendal og til Tvedestrand, har kommunane vetorett.

Bakgrunnen er at forslaget om å få til nasjonalpark kjem etter lokalt initiativ. Tidlegare har staten trekt opp linjene og peika ut dei aktuelle områda.

Først skal kommunane vurdere forslaget som blir sendt ut til høyring, og i neste omgang skal kommunen realitetsbehandle planen. For Kragerø sin del kjem den politiske behandlinga til hausten etter høyringa og når verneforslaget er justert i høve til høyringsuttalene.

Gravstad for hyttefolk og fastbuande i eikeskogen på Jomfruland

Gravstaden for fastbuande og hyttefolk i eikeskogen på Jomfruland vil bli verna for ettertida viss verneplanen går gjennom.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark