NRK Meny
  • Samanslåing av NAV-kontor

    Den 20. desember skriv NAV-kontora i Nome, Sauherad og Bø under på ein avtale om å slå saman kontora. Hovudkontoret skal ligge i Bø, mens Ulefoss får avdelingskontor og Sauherad ein kontorstad som kan brukast ved høve.

    NAV-skilt
    Foto: Pål Tegnander / NRK
  • Vil endre lov om erstatning

    Ap vil endre lova om valdsoffererstatning for å sikre at folk faktisk får pengane. I enkelte saker har Kontoret for valdsoffererstatning avslått å utbetale erstatning. Stortingsrepresentant for Telemark, Lene Vågslid, seier det er urimeleg.

    Lene Vågslid
    Foto: Anne Lognvik / NRK
  • Ti avgangar på TimeEkspressen

    Frå 8. januar det blir ti avgangar i døgnet tur-retur Notodden–Oslo. Det stadfestar tilsette i TimeEkspressen Linje 1 til Telen. Trafikkleiar Torolf Kasin seier det blir ti avgangar mot seksten som det er i dag. I helgene blir det inga forandring.

  • Ny kretsansvarleg

    Steinar Pedersen er tilsett som ny kretsansvarleg i fotballen i Telemark. Det skriv TA. Sørlendingen overtek etter Erik Holtan som sa opp i oktober etter åtte år i jobben. Hovudoppgåva til kretsansvarleg er å følge opp spelarar frå 12 til 16 år.