Hopp til innhold

Naboar er skremde etter funn av eksplosiv

PORSGRUNN (NRK): Naboane til mannen som er sikta for å ha oppbevart eksplosiv i ei leilegheit i Porsgrunn er sjeleglade for at sprengstoffet vart oppdaga før det gjekk gale.

Astrid Johansen

EI LITE HYGGJELEG OPPLEVING: Astrid Johansen (82) bur i nabohuset til leilegheita der det vart funne eksplosiv søndag kveld. Ho skildrar opplevinga som skremmande.

Foto: Robert Hansen / NRK

– Det er veldig skremmande. Det bur mange eldre i området her, og det er sjeldan noko bråk. Dette synest vi ikkje var noko koseleg.

82 år gamle Astrid Johansen bur i nabohuset til firemannsbustaden på Vallermyrene i Porsgrunn der det vart funne sprengstoff og ein handgranat søndag kveld. Politiet rykte ut til leilegheita etter melding om husbråk da dei oppdaga eksplosiva.

– Det har vore eit oppstyr i tre døgn med mange politifolk og hundar. Både politibil, brannbil og sjukebil har stått utanfor, seier Johansen.

Leilegheita der det vart funnet eksplosiv

ROLEG NABOLAG: Det var i dette bustadområdet på Vallermyrene i Porsgrunn at politiet oppdaga farlege sprengstoff.

Foto: Robert Hansen / NRK

– Evig takksam

Naboane som bur i firemannsbustaden, vart evakuerte etter funnet. NRK har vore i kontakt med to av naboane, som ikkje vil stå fram med namn.

Den eine naboen seier han er evig takksam for at nokon ringde og melde frå om husbråket.

– Dette hadde heilt sikkert smolle skikkeleg ein eller annan gong. Det er ikkje så hyggjeleg å tenkje på at «heimesnikkarar» handterer så farlege stoff.

Det er rimeleg spesielt å vakne opp etter ein fest, og så står bombegruppa til politiet utanfor døra!

Nabo

Visste ikkje kva som skjedde

Astrid Johansen seier at det berre var dei evakuerte naboane som fekk veta kva som skjedde. Sjølv måtte ho lesa i avisa at det var snakk om eksplosiv.

– Vi skjønte ikkje kva som hadde skjedd. Eg trudde det var eit mord. Dei som budde i same hus vart evakuerte. Men ingen kom og snakka med oss.

Politisperring

POLITISPERRING: Utanfor leilegheita er det framleis spor etter evakueringa søndag kveld.

Foto: Robert Hansen / NRK

Enormt skadepotensial

Den sikta mannen er varetektsfengsla i to veker med brev- og besøksforbod.

I fengslingskjennelsen står det at sprengstoffet som er funne har svært stor sprengkraft og kan vera ustabilt.

Skadepotensialet ved det forhold siktelsen gjelder synes å være enormt. Dette gjelder både for siktede selv og hans familie, for naboer og for omgivelsene for øvrig.

Frå fengslingskjennelsen

Ifølgje Porsgrunns Dagblad skal det vera snakk om kjemikaliar til sprengstoffet TATP, men dette vil ikkje politiet stadfeste.

– Vi vil ikkje gå inn på kva type sprengstoff det er før vi har kome vidare i etterforskinga. Vi må fyrst avklare kva motiv den sikta hadde for å oppbevare dette, seier politiadvokat Julie Marie Sandvik.

Julie Marie Sandvik

MÅ AVKLARE MOTIV: Politiadvokat Julie Sandvik seier at politiet ikkje vil gå ut med detaljar om kva type sprengstoff som er funne av omsyn til etterforskinga.

Foto: Robert Hansen / NRK

Tidlegare domfelt

Sandvik fortel at den sikta har forklart i avhøyr at han har hatt kjemikaliar og sprengstoff som ein rein hobby. Han seier han har brukt dette i skogen, og har aldri laga noko for å skade andre.

Den sikta har erkjent straffskuld for forholdet. Mannen skal òg ha vore domfelt tidlegare for omgang med sprengstoff, og blir av kjelder skildra som interessert i våpen.

Politiet arbeider vidare med å finne ut om mannen er ein del av eit nettverk som oppbevarer og lagar ulovleg sprengstoff.

Funn av eksplosiver

SJÅ INTERVJU MED POLITIET: Ein person vart gripen etter at politiet fann ein handgranat og andre eksplosiv i ei leilegheit i Porsgrunn søndag kveld, fortel innsatsleiar i politiet, Sigbjørn Hansen. VIDEO: STIAN WÅSJØ SIMONSEN / NRK