NRK Meny
  • Montessoriskule i Tuddal

    På eit møte laurdag vart Stiftinga Tuddal Montessoriskule vedteke oppretta. Foreldregruppa i Tuddal starta 1. desember ein innsamlingsaksjon for å få nødvendig eigenkapital til stiftinga. Til nå har dei samla inn 100.000 kroner.

  • Førre søknadar om erstatning

    Fylkesmannen har teke imot 36 søknadar om erstatning for tap av sau og lam til freda rovvilt i år. Nedgangen i søknadar held fram for fjerde år på rad. I 2013 vart det motteke og behandla 115 søknadar om erstatning, som er 79 fleire enn i år.

  • Pengar til OL i Telemark

    Formannskapet i Tinn kommune vil gjeva 500.000 kroner til arbeidet med å få OL til Telemark. Det skriv Rjukan Arbeiderblad. Vedtaket i formannskapet var samrøystes, og saka blir avgjort i kommunestyret sitt budsjettmøte i dag.

  • Auke i folketalet

    Med ein auke i folketalet på 3,8 prosent i år er det berre fire kommunar i Noreg som veks meir enn Bø. Det syner tal frå Statistisk sentralbyrå. Tala syner at åtte av atten kommunar i Telemark får ein auke i folketalet i år.