NRK Meny
Normal

Mystiske spor av dårleg kvalitet

Da desse spora vart oppdaga i Sauherad i helga, frykta fleire at dei høyrde til ein bjørn. Statens naturoppsyn fant derimot ut at spora er menneskeskapte.

Mystisk spor i Sauherad

MYSTISKE SPOR: Spora vart oppdaga i Sauherad i helga, men det er ikkje eit dyr som har gjenge der, ifølgje Statens naturvernoppsyn. Snusboksen er lagt i sporet for å syne storleiken.

Foto: Espen Marker / SNO

Me har jo opplevd at folk har teke avstøypingar av potane til utstoppa dyr, og festa dei under skoa sine, samtidig som dei har hatt på seg ein stor sekk for å få rette tyngda i spora, seier Espen Marker.

Marker er rovviltansvarleg i Buskerud, Vestfold og Telemark, og han vart varsla om dei mystiske spora i helga. Det var eit lokalt jaktlag som oppdaga spora og til å byrje med trudde ein at dei høyrde til ein bjørn, men Marker vart fort mistenksam da han såg spora.

– Det er klart at her har det vorte brukt eit reiskap eller noko liknande, men dei falske spora er ikkje av øvste kvalitet, seier Marker.

Ein god latter

Det er ikkje fyrste gong at nokon har konstruert falske dyrespor i naturen. I sommar vart det oppdaga spor i Bø i Telemark. Desse var av enda dårlegare kvalitet enn dei ein fant i Sauherad i helga.

Espen Marker

DÅRLEG BRUK AV RESSURSAR: Espen Marker er rovviltansvarleg for Buskerud, Vestfold og Telemark i Statens naturvernoppsyn. Han seier slike spøker krev tid å sjekke ut.

Foto: Jonas Rydén / NRK

Tidlegare vart det også funne falske spor på Lifjell, og dei var av betre kvalitet.

Da hadde dei støypt poten til ein utstoppa bjørn, og vandra innover fjellet. Det som til slutt avslørte dei, var at det berre var poten på det eine høgrebeinet som var støypt, ler Marker.

Kvifor gjer folk dette?

– Det er nok berre skøyarstrekar, seier Marker.

Arnt Darrud var ein av dei jegerane som var med å finne spora. Han trur også det berre er nokon som har hatt det litt moro.

– I starten så lurte eg fælt på kva slags dyr som kunne gjeve frå seg eit slikt fotavtrykk, men eg tenkte også fort at det såg litt for klønete ut til å vere eit bjørnespor. Så det er nok nokon som har fått seg ein god latter i dag, seier Darrud.

Dårleg bruk av ressursar

Sjølv om Espen Marker i Statens naturvernoppsyn tek spøken med eit smil, vil han ikkje oppfordre folk til å gjere konstruksjon av dyrespor til ein hobby.

– Det går jo tid med på å sjekke ut slike spor, og det er jo klart at det er kjedeleg å bruke ressursar på slikt, seier Marker.

  • Ulykke på E18

    To biler kolliderte på E18 ved Skjelsvik i Porsgrunn. Føreren av den ene bilen overholdt ikke vikeplikten. Personene involvert er tatt hånd om av ambulansepersonell.

  • Strålingen er ikke farlig

    Over 300 telemarkinger har sagt nei til ny strømmåler. Statens strålevern opplyser at strålingen er så svak at det ikke er helsefarlig. Alle teknologiene som brukes i de ulike strømmålerne gir svak stråling, melder RA.

  • Grenland havn utvider området

    Grenland Havn har gjort oppkjøp av Kongshavn Eiendom AS i Langesund. Dette betyr i praksis en utvidelse av Langesund Havneterminal. Kongshavn Eiendom er naboeiendommen sør for Langesund Fergeterminal, melder PD.