Hopp til innhold

Studentar slepp plate etter jol

RAULAND (NRK): I underkant av tjuge studentar er samla for dagens øving i Myllargutens gammaldansorkester. Etter jol slepp dei si fyrste plate.

Myllargutens gammaldansorkester starta opp for tre år sidan, nå skal dei gje ut plate.

ØVING: Myllargutens gammaldansorkester øver. I fjor kom dei på 15.-plass av om lag 25. i landskappleiken under gruppa lagspel.

Ein gjeng med femten studentar har samla seg for dagens øving i Myllargutens gammaldansorkester.

Gruppa starta opp for tre år sidan, og i februar kjem fyrste plata deira.

Nøgd med resultatet

Frøydis Bergheim Ruud

LEIAREN: Frøydis Bergheim Ruud er nøgd med plata som kjem i februar.

Foto: Anne Svanaug Straume / NRK

Det er fyrste gong gruppa skal gje ut plate, og leiaren i gruppa, Frøydis Bergheim Ruud fortel at arbeidet har vore ei ny oppleving.

– Det har vore litt uvant for oss. Me har alltid hatt fokus på ha det gøy, men me har lært at det går an å ha det gøy men også vere effektiv.

Frøydis fortel at dei under arbeidet følte på at det kunne vere betre, so dei siste vekene før den siste innspeling arbeida dei målretta.

Myllargutens gammaldansorkester

FELESPEL: Det er ei overvekt av feler i orkesteret. Her ser du Hans Mikkel og Bjørnhild Estland Wesenberg.

Foto: Anne Svanaug Straume / NRK

– For å bli nøgd trengde me litt ekstra øving, no er me veldig nøgde med resultatet, seier Bergheim Ruud.

Internasjonale

Av dei femten bandmedlemmane kjem fem av dei frå utlandet. Dei kjem høvesvis frå Estland, Finland, Frankrike, Canada og Sverige.

– Me har aldri vore so internasjonale før, seier Bergheim Ruud.

Dei andre medlemane kjem frå heile Noreg og representerer ni ulike fylke, frå Nord-Trøndelag i nord til Vest-Agder i sør.

Myllargutens gammaldansorkester
Foto: Anne Svanaug Straume / NRK

På reisefot

For å få synt seg fram reiser gruppa på festivalar og speler opp til dans.

– Me reiser til ulike festivalar og set i gong og speler, so får me kanskje ei gratisovernatting, seier Frøydis.

Myllargutens gammaldansorkester

MANGFALD: Dei speler mange ulike instrument i gammaldansorkesteret. Piano, kontrabass, fele, gitar og fløyte er berre nokre av dei.

Foto: Anne Svanaug Straume / NRK

– Dansar folk då?

– Åja, det gjer dei, me har fått ein liten fanskare innan folkemusikkmiljøet, helst i den eldre generasjonen, smiler Bergheim Ruud.

Dei får gjerne oppdrag som jam-musikarar for å dra i gong litt jam på kvelden. Det lengste nord dei har reist er Hilmarfestivalen i Steinkjer.