Hopp til innhold

Faren for flaum aukar i Telemark

Kraftmagasina i Tokke- Vinje-vassdraget, Bandak og Eidselva nærmar seg fulle, og faren for flaum aukar med den stigande vassføringa.

Bandak

Statkraft tappar vatn frå Bandak og resten av Tokke-Vinje vassdraget for å unngå store flaumskadar når nedbøren kjem.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Det melder Statkraft på Dalen i ei pressemelding,

Den siste tida har det kome store mengder nedbør i Telemark, og det er venta store mengder nedbør dei komande dagane.

Fleire av Statkraft sine vassmagasin nærmar seg fulle. Og Statkraft har nå utnytta magasinkapasiteten for å dempe flaumtoppen.

Vassføringa vil stige

Det er venta at vassføringa vil stige i dei elvane Statkraft regulerer utover i veka.

– Vi har derfor i fleire dagar jobba med å tappe magasina for å avgrense konsekvensane for ålmenta. Statkraft håpar at dei som er råka kan forstå situasjonen, seier regiondirektør Rolf Normann i Statkraft Region Øst.

Tilsiget til elvar og vassdrag er venta å gå tilbake i løpet av komande fredag.

Produksjonssjef Halvor Haugland seier at Statkraft har tappa vatn frå vassmagasina i Kjela, Songa og Totak for å ha ledig magasinkapasitet til nedbøren som er meldt vil kome dei næraste dagane.

– Det har vi gjort for å hindre dei største flaumskadane nedover i vassdraget, seier Haugland til NRK Telemark.

Hyllandsfossen går for fullt

Hyllandsfossen i Vinje går nå for fullt med 50 kubikk i sekundet for å tappe vatn frå Totak. Vinjevatn blir tappa med 100 kubikk i sekundet.

– Vassføringa gjennom Dalen er no oppe i 250 kubikk i sekundet i den nedre delen av Tokkeåi. Men vi håpar å unngå skadenivå på Dalen, seier Haugland.

Statkraft har førebels ein del å gå på i vassmagasina i Bandak og Flåvatn og forsøker å kontrollere vassføringa vidare nedover i vassdraget i Eidselva.