NRK Meny
  • Redd for sprengstoff i hagen

    Mannen frå Porsgrunn som er sikta for å ha oppbevart sprengstoff, er på nytt gripen av politiet. Eit vitne hevdar at han også har sprengstoff i hagen, skriv Varden. Politiet ynskjer nå å gjera nye undersøkingar for å vera sikre på at alt er fjerna.

  • Folkets hus kollapsa

    Folkets hus i Drangedal kollapsa i går kveld, melder TA. Ifølgje avisa er det store mengder snø på taket som er skuld i kollapsen. Huset skal ikkje har vore i bruk på mange år.

  • Tilskot til freda bygg

    Telemark fylke får 11,5 millionar kroner frå Riksantikvaren til istandsetjing av freda bygg. Fylket skal dele pengane på folk som har freda hus i privat eige.

  • Helgesen leiar programkomite

    Gunn Marit Helgesen frå Porsgrunn skal leie programkomiteen for Vestfold og Telemark Høgre fram mot fylkestingsvalet i 2019. Svein Flåtten frå Vestfold skal leie den felles nominasjonskomiteen.

    Gunn Marit Helgesen, KS
    Foto: Sindre Løkstad / NRK