MS «Stavangerfjord» utsatt igjen

Seglingsstarten for den første av Fjord Line sine to nye cruiseferger, MS «Stavangerfjord», blir utsatt i nye tre veker.

Fjord Lines nye cruiseferger - illustrasjon

Bergen Group Fosen treng enno meir tid til å teste det nye skipet.

Foto: Fjord Line

Årsaka er at Bergen Group Fosen treng meir tid til testing av motorar og anna teknisk utstyr, skriv Fjord Line i ei pressemelding.

Den første ordinære seglinga går nå frå Hirtshals søndag den 14. juli.

MS «Stavangerfjord» er den første av to store og moderne cruiseferger Fjord Line får bygt ved Bergen Group Fosen. Seglingsstart var planlagt til onsdag den 29. mai, men blei i førre månad utsett til fredag den 21. juni.

Fjord Line har nå fått melding om ny utsetting av tidspunktet for overlevering, og det fører til at skipet får seglingsstart søndag den 14. juli.

– Vi seier oss leie for at Bergen Group Fosen ikkje klarar å levere som planlagt, men må ta til etterretning at verftet treng ekstra tid for å oppfylle alle krav til kvalitet som følgjer av kontrakten, seier administrerande direktør Ingvald Fardal i pressemeldinga.

Fjord Line skal etter overlevering av skipet frå Bergen Group Fosen gjennomføre eit program som gir mannskapet trening i alle rutiner for tryggleik og effektiv drift av den moderne og miljøvennlege cruiseferga.

Ingvald Fardal

Administrerande direktør Ingvald Fardal i Fjord Line.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Alle passasjerar blir kontakta

– I Fjord Line har vi vore innstilt på å kunne starte seglingar med MS Stavangerfjord i starten av skuleferien, og vi jobbar nå med å finne alternativ for alle våre reisande som har bestilt reiser i dei tre vekene fram til 13. juli, seier Fardal.

Fjord Line har noe ledig kapasitet på MS «Bergensfjord» som trafikkerer strekninga Bergen – Stavanger – Hirtshals, og vil også kunne tilby overfart mellom Kristiansand og Hirtshals med den hurtiggåande katamaranen HSC «Fjord Cat».

Passasjerer har bestilt i denne perioden blir kontakta av Fjord Line frå tirsdag 21. mai. Den enkelte vil kunne velje mellom alternativ transport over Skagerrak eller å få refundert reisa.

MS «Stavangerfjord» skal etter seglingsstarten frå Hirtshals søndag 14. juli samsegle med MS «Bergensfjord» på strekninga Bergen – Stavanger – Hirtshals og Hirtshals – Langesund.

Framdriftsplan for neste skip blir revidert

Ved Bergen Group Fosen blir det også arbeidd med den andre av dei to nye cruisefergene med planlagt overlevering til hausten.

Skipet, som får navnet MS «Bergensfjord», er identisk med MS «Stavangerfjord» og vil erstatte nåverande MS «Bergensfjord».

– Vi har ein konstruktiv dialog med Bergen Group Fosen om ein seinare leveringsdato for den neste cruisefergen. Dette vil bli avklart når MS «Stavangerfjord» er overlevert og satt i drift, seier Fardal.

Fjord Line vil deretter kunne gje oppdatert informasjon om seglingsstart for dette skipet.

Dåpen av MS «Stavangerfjord» skal som tidlegare meldt skje ved verftet i Rissa torsdag 6. juni. Det er fylkesordføraren i Rogaland, Janne Johnsen, som skal vere gudmor for skipet.