NRK Meny

Møte om statsgaranti til industrien

Næringsminister Monica Mæland har kalla inn til eit møte om statsgaranti til industribedrifter i dag. Det skjer etter at Norsk industri og opposisjonen på Stortinget har lagt eit samla trykk på saka. Ineos i Bamble har sett milliardinvesteringar på vent etter at næringsministeren sa nei til å gi selskapet statsgaranti for lån. Norsk industri og fleire andre store organisasjonar er til stades på møtet.

Monica Mæland, næringsminister
Foto: Ragnar Lurås / NRK