SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Gruppeleiar Jørund Ruud i Telemark Arbeidarparti meiner det ikkje er behov for eit toppidrettsgymas som skal konkurrere om pengar og elevar med idrettslinene på dei vidaregåande skulane.
Jørund A. Ruud
- Eg kan ikkje sjå at det er noko alternativ både korkje pedagogisk eller livssynsmessig. Når det det blir konkurransen for konkurransen sin del, så ser eg ingen grunn til å støtte det.
Også SV seier nei - og dermed er det Senterpartiet som avgjer om det blir eit privat toppidrettsgymnas eller ikkje under behandlinga i fylkestinget seinare i dag.
Fleire av dei unge i Senterpartiet si fylkestingsgruppe er skeptiske.
Spørsmålet er om dei får lov til å bryte ut av det borgarlege samarbeidet - og skape fleirtal mot toppidrettsgymnaset som Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre støttar.
Fylkesvaraordførar og gruppeleiar i Senterpartiet, Lars Bjaadal, er ikkje sikker på kva som skjer.
- Vi skal gå gjennom saka om Toppsidrettsgymnas. Eg er også vel kjent med at det er ulike synspunkt i gruppa, og nokon er meir skeptiske enn andre, seier han.
Det er Folkeuniversitetet som vil starte ein privat vidaregåande skule med toppidrettssatsing, som etter kvart skal få 270 elevar.
Satsinga skjer blant anna med støtte frå Odd Grenland.
- Eg kan ikkje sjå at vi politisk skal legge oss flate for Odd eller nokon andre. Men vi lyttar dei signala vi får og dei er delte, seier Ruud.
Motsetningane mellom borgarleg og sosialistisk side er klassiske.
Privat skuletilbod står opp i mot satsing på den offentlege skulen.
Jørund Ruud seier at finansieringa av eit Toppidrettsgymnas går av den felles økonomien som fylkeskommunen får for å drive den vidaregåande skulen i Telemark.
- Vi gnager av det same brødet, og eit Toppidrettsgymnas vil bli ein direkte konkurrent på inntektssida, seier Ruud.