Hopp til innhold

Kunnskapsministeren på privattoppen

Protestskular har gode kår sjølv om konkurransen om elevane hardnar til. I heimefylket til kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen lokkar privatskulane til seg elevar som aldri før.

Torbjørn Røe Isaksen i båt

Torbjørn Røe Isaksen på veg til Skåtøy i valkampen 2011. Debatten om skulen på øya var i full gang.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Nei, nei, nei og atter nei.

Slik rungar svara frå mange lokalsamfunn når kommunepolitikarane kjem med sine nedleggingsforslag. Mange stader gjer dei faktisk noko med det. Då skulen var vedtatt nedlagt i Helgen i Nome kommune, leigde dei stridbare foreldra bedehuset ved sida av skulen, og starta Helgen Montesorriskole.

Helgen Montessoriskole

Den store flotte skulen ligg vegg i vegg men bedehuset som alt er overfylt av montessorielevar.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Blir montessorifylke nummer 1

I dag er det sju grunnskular med montesorripedagogikk i drift i Telemark, og frå hausten kan det bli ni. Både Lisleherad utanfor Notodden, og Hjuksebø i Sauherad har fått godkjenning.

– Me måtte ha 25 elevar for å få det til å gå rundt, no ser det ut til at me kanskje får 35 elevar frå hausten av, og då er me godt innanfor, seier nestleiar i styret for Hjuksebø Montesorriskole Odd Kyllingmark.

Musikklærar på Hjuksebø skule Trond Yttrebø

Trond Yttrebø hadde gitarundervising på Hjuksebø skule. Bilete er tatt rett før vedtaket om nedlegging kom, og Ytterbø var ein av mange som slost for skulen. No blir det nytt liv i privat regi.

Foto: Anne Lognvik / NRK
Undervising på Helgen Montessoriskole

Helgen Montessoriskole fekk fort for liten plass i bedehuset.

Foto: Anne Lognvik / NRK

40 lærarar og 2 rektorar har søkt jobb

Det er ikkje mangel på interesse for å jobbe på montessoriskulen på Hjuksebø. Kyllingmark fortel at dei har fått veldig mange søkjarar, men utfordringa er å ha nok lærarar med formell montesorriutdanning, men det ser også ut til å gå i orden.

– Me er letta og glad, dette har gått betre enn venta seier Kyllingmark.

Han ser ikkje bort frå at nokon av dei som bestemte seg for å flytje då skulen vart lagt ned, vil ombestemme seg no.

Hjuksebø skole

Hjuksebø Montessoriskole er ikkje heilt i mål når det gjeld leigeavtale med Sauherad kommune, men dei reknar med det går i orden.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Telemark på montesorritoppen

Det er no 59 montesorri-grunnskular i drift her i landet. Viss både Hjuksebø og Lisleherad kjem i gang frå hausten 2014, vil Telemark vera det fylke i landet som har flest montessoriskular.

Kampklare

Ida Jæger i Lisleherad Montesorriskole seier at dersom kommunen legg ned Lisleherad frå hausten av, startar dei også opp. Men slik det no ser ut, kan Notodden kommune koma til å auke elevtalet i den offentlege skulen i Lisleherad fordi dei legg ned andre grendeskular. Men riset bak spegelen er klart forsikrar Jæger. Godkjenninga er på plass for montesorriskule, foreldra står i startgropa.