NRK Meny

Mistenkeleg dødsfall på Gulset

Operasjonssentralen i Telemark tok imot i dag kl. 0914 melding om eit mistenkeleg dødsfall på Gulset i Skien. Ein 83 år gammal mann er funnen død på sin bustad. Politiet har starta tekniske undersøkingar på staden og gjennomfører rundspørjing i området. Dei tekniske undersøkingane og avhøyr av vitne fortset utover ettermiddagen.