NRK Meny

Mista førarkortet for raudt ljos

Ein 27 år gamal mann frå Bamble mista førarkortet etter å ha kjørt på raudt ljos i eit kryss på Vallermyrene i Porsgrunn. Han hadde fem prikkar frå før, og kjøring på raudt ljos utløyser tre prikkar. Førarkort blei beslaglagt ettersom han då fekk totalt åtte prikkar. I tillegg fekk 27-åringen ei bot.