Millionar av stemmesetlar til overs – nå går dei rett i papirsøpla

Mange av dei over 70 millionar stemmesetlane som blei produsert til kommune- og fylkestingsvalet i år blir aldri brukt. – Det optimale eksempelet på sløsing, seier MDG.

 Torstein Roalkvam foran stemmesdelene

RESTAR: Torstein Roalkvam i Skien kommune viser fram bunkane med stemmesetlar som kastes rett i søpla etter valet.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Kommunane har litt av eit oppryddingsarbeid etter valet. Tonnevis med ubrukte stemmesetlar blir i desse dagar sendt til resirkulering.

Berre i Skien blei det bestilt 200.000 stemmesetlar, men berre éin firedel blei brukt.

– Vi brukte ganske nøyaktig 50.000 av dei. Grunnen til at vi bestiller såpass mange setlar er fordi vi ikkje veit kva for eit parti som gjer det godt under valet, seier Torstein Roaldkvam, valkoordinator i Skien.

MDG: – Må vere mogleg å bruke mindre papir

Miljøpartiet De Grønne er ikkje overraskande kritisk til at såpass mange tonn med papir går rett i papirsøpla.

– Dette er det optimalt eksempel på sløsing. Vi meiner det må vere mogleg å få til ei elektronisk løysing i alle vallokale slik at behovet for papirsetlar blir redusert, seier Harald Moskvil, leiar i MDG i Vestfold og Telemark.

Valgdirektoratet opplyser til NRK at det er produsert cirka 71 millionar stemmesetlar til kommune- og fylkestings valet i år.

Harald Moskvil i Miljøpartiet De Grønne

Harald Moskvil er leiar i Miljøpartiet De Grønne for Vestfold og Telemark. Han vil ha ei elektronisk løysing i alle vallokale.

Foto: Henrik Bøe / NRK

Ikkje elektronisk med det første

I vårt såkalla papirlause samfunn undrast mange kvifor det ikkje er elektroniske val.

Det er prøvd ut to gonger, men i 2014 bestemte regjeringa at ein ikkje skulle gå vidare med forsøket, blant anna fordi det var stor politisk usemje.

Blant argumenta mot elektroniske val er at mange vil bli pressa til å stemme på eit anna parti enn dei eigentleg har lyst til.

– Vi har ingen planar om å foreslå elektroniske val i dag. Det er viktig for tilliten til gjennomføringa av valet at veljarane stemmer i eit vallokale der det er sikra hemmeleghald, seier Aase Marthe Horrigmo, statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Departementet understrekar at sjølv om det blir innført elektronisk val i framtida, vil ikkje det nødvendigvis føre til færre stemmesetlar på papir.

– Ein føresetnad for val på internett var at det berre skulle vere eit supplement til vanleg stemmegjeving på papir. Fordi ein ikkje veit kor mange som vil stemme elektronisk, vil kommunane måtte sikre seg at dei har nok stemmesetlar, seier Horrigmo.

Valet kostar

Det er vanskeleg å få ein oversikt over kor mykje valet kostar i Noreg fordi det er kvar enkelt kommune som legg det inn i sine budsjettår.

I Skien, ein by med litt over 50.000 innbyggjarar, kosta årets val cirka 2,6 millionar kroner.

– Mesteparten av pengane er lønn til valmedarbeidarar, seier valkoordinator Torstein Roaldkvam.