– Dette er ikkje noko nytt i år. Vi opplever at det er vanskeleg å nå ut til dei potensielle søkjarane, for vi veit jo at behovet er der ute.
Roger Hegland, som er styreleiar i Skien legatfond, er ansvarleg for eit legat for sosiale formål. Dei siste åra har legatet fått så få søkjarar at beløpa har hopa seg opp. Fondet har nå rundt 400.000 kroner i frikapital. Hegland trur at legatordninga verkar noko framand for oss i dag.
– Det kan diskuterast om legatforma fungerer godt nok, eller om det er ei gamaldags ordning. Det er få som føler at det er naturleg å søkje der.
– Kjennest ikkje godt
Kari Høimyr Karlsen er konsulent på Skien kommunes servicesenter, og arbeider med å administrere eit utdanningslegat. Ho synest det er leitt at pengane ikkje når fram til dei som har behov.
– Det kjennest ikkje godt. Pengane bør ikkje berre stå der. Intensjonen til dei som laga legata var at ungdom som tok høgare utdanning skulle få hjelp.
I fjor gav avkastninga 132.000 kroner som legatet kunne dele ut, men berre 80.000 av desse vart faktisk gjevne bort.
Det vil seia at dei to fonda i Skien til saman har rundt ein halv million kroner som kunne vore delt ut dei siste åra. Slik var det ikkje før, seier Høimyr Karlsen, som har jobba med legata i snart femten år.
– Tidlegare brukte vi alltid opp pengane. Nå er det er eit fallande tal på søkjarar.
Millionar står ubrukte
Kor mange pengar som blir ståande ubrukte i heile landet kvart år er vanskeleg å anslå, men truleg dreier det seg om millionar. Det finst ikkje eit samla oversyn over norske legat, det er kvart enkelt fond som har informasjon om søknadstal og utdelingar. Fleire legat som NRK har vore i kontakt med, stadfestar at dei har færre søkjarar nå enn før, og at dei har pengar til overs.
Erik Juel i Universitetsforlaget, som jobbar med å gjeva ut Legathandboka, opplyser at dei har samla utlysingar på over 3000 ulike legat, og han trur det er svært varierande frå legat til legat om folk søkjer eller ikkje.
Kari Høimyr Karlsen oppmodar både studentar og andre til å ta ein kikk i handboka, for det er mykje forskjellig det går an å søkje på.
– Eg ville tru at personar som tek høgare utdanning, søkte på Legathandboka. Det er noko alle burde gjera, for det er masse legat i heile Noregs land som ein kan søkje på.
- Les også: Fattigdomsfond står ubrukt