Hopp til innhold

Midtgarden i eliteserien

Erik Midtgarden frå Skien var ein av dei som kunne juble etter at Mjøndalen rykkjer opp til eliteserien neste år.

Brann - Mjøndalen

Mjøndalen slo Brann 3–0 i Mjøndalen og er klar for spel i eliteserien neste år. Erik Midtgarden frå Skien spela ei sentral rolle i kampen.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Mange fotballinteresserte i Bergen er skuffa i dag etter at Brann rykka ned, men i Mjøndalen er det mange som er i sigersrus.

Les også:

Mjøndalen skal spele i eliteserien neste år, og telemarkingen Erik Midtgarden er ein av spelarane som kan juble.

– Det var utruleg artig. Kjempestemning på stadion. Og eg følte vi hadde god kontroll på kampen etter at vi gjekk opp til 1-0, seier Midtgarden.

Erik Midtgarden.

Erik Midtgarden har blant anna spela i Odd.

Foto: Charlen Wedvik Homme / NRK

Han var veldig optimistisk på at det skulle bli eliteseriespel neste år etter at Mjøndalen klarte 1–1 mot Brann i Bergen i den første kampen.

– Så skjønte vi etter kvart at det ikkje var avgjort. Men når vi fekk kampen i Mjøndalen inn på vårt spor, og vi spela bra fotball, så skjøna vi at det gjekk rette vegen.

– Vi hadde mykje energi

– Korleis var det å møte Brann som var under stort press?

– No var det jo slik at vi ikkje hadde noko å tape, og Brann hadde alt å tape. Og eg trur dei var litt prega av det.

Han meiner Mjøndalen starta kampen med masse energi og utan frykt.

– Ein energi som kanskje Brann ikkje hadde.

Erik Midtgarden seier at han gjerne skulle hatt Brann i eliteserien neste år, for det ville vore morosamt å møte dei i kampar neste år.

– Men når eg må velje så er det klart best at Mjøndalen har klart å rykke opp.

Klubben har utvikla seg

27 år gamle Erik Midtgarden har tidlegare spela i Odd, Pors og Notodden. No er tredje gongen han spelar i Mjøndalen etter å ha vore innom klubbar i Nederland og Estland i mellomtida.

– Grunnen til at eg kom tilbake til Mjøndalen er at klubben utviklar seg år for år og tar nye steg. Og eg håpa at eliteseriespel kunne vere innan rekkevidd om får år. Og eg ville vere med på den satsinga, seier Midtgarden.

Han fortel om eit stort engasjement rundt klubben, og mange som bidrar, og håpar det vil vere mogleg å overleve i eliteserien.