Merker stiar til Gaustatoppen

Parkeringsvakter og skyttelbuss er nokon av tiltaka som skal hindre nytt kaos på Stavsro ved Gaustatoppen til sommaren. På få år har talet på besøkande til Gaustatoppen auka frå 30.000 til 85.000 og det har gitt utfordringar. Prosjektleiar Håvard Lurås seier fleire stiar vil bli merka og skilta for å spreie trafikken opp til toppen.

Gaustatoppen i vinterdrakt
Foto: visitRjukan, Ian Brodie