Hopp til innhold

Merk deg denne jenta

Helena Hørte Søfteland frå Ulefoss er eit namn du bør merke deg om du er interessert i vintersport.

Helena Hørte Søfteland

Helena Hørte Søfteland frå Ulefoss og Skade IL er tatt ut til alpinkonkurransar i Canada for aldersbestemte klasser.

Foto: Picasa

Helena er 16 år og går på Holla ungdomsskole. Ho er ein svært lovande alpinist, og gjorde det svært bra i Hovedlandsrennet for unge alpinistar på Oppdal i førre veke. Ho var åtte hundredelar frå å ta gull, og enda på andre plass i Super G.

– Eg var ganske nervøs før start, for vi fekk ikkje nokon gjennomkøyring før rennet på grunn av dårleg vær. Det gjekk jo veldig bra i bratthenget, der eg er best. Men på toppen og i botn der det var litt flatare, gjekk det ikkje så bra som eg kan køyre. Så då var det litt kjipt å kome på andre plass, sa Hørte Søfteland.

Men ho meiner det likevel ikkje hadde så mykje å seie at det ikkje blei nokon gjennomkøyring av Super G løypa på førehand.

– Det var jo likt for alle.

(Artikkelen held fram under biletet)

Helena Hørte Søfteland

Helena Hørte Søfteland har Super G og utfor som favorittar.

Foto: Lars Søfteland

Super G og utfor er favorittane

Det er Super G og utfor som er favorittane for Ulefossalpinisten. I sjølve utforrennet falt Helene Hørte Søfteland frå det som truleg kunne blitt ei god plassering, for ho blei nummer to i treningsomgangen. Då skilte det berre fem hundredelar opp til bestetida.

– På sjølve renndagen hadde eg beste mellomtid i utfor, så då var eg veldig irritert då eg falt, seier Hørte Søfteland.

Helena Hørte Søfteland

Helena Hørte Søfteland var gjest i Telemarksendinga.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

I storslalåm blei ho veldig overraska over å kome på tredjeplass.

– Eg er eigentleg ikkje så flink i det, synest eg.

I slalåm var Helena Hørte Søfteland veldig godt nøgd med første omgang.

– Men i andre omgang var eg ikkje så god i det flate partiet.

Reiser til VM i Canada

I starten av april reiser Helena til Canada. Det er dei tre beste jentene og dei tre beste gutane samanlagt på Hovedlandsrennet som får reise til Canada.

– Der skal vi konkurrere mot andre jenter og gutar frå andre land, så det blir på ein måte eit slags VM for dei som er født i 1998 og 1999, seier Hørte Søfteland.

Det er første gongen Helena Hørte Søfteland har klart å kvalifisere seg til dette rennet.

– Tidlegare har eg alltid kome på dei kjipe fjerdeplassane.

Det store målet for alpinkarrieren er å bli best. Til hausten startar ho på Oppdal skigymnas, og der reknar Helena med å finne ut om det er verdt å satse vidare på alpinkarrieren.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark