Hopp til innhold

Mental Helse skuldar Høie for løftebrot

Mental Helse meiner Helse- og omsorgsminister, Bent Høie, bryt løftet sitt når nye tal no syner at psykisk helse blir nedprioritert i forhold til resten av det norske helsetilbodet. Høie sjølv avviser løftebrot.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie i muntlig spørretime på Stortinget i 2016

NEKTAR FOR LØFTEBROT: Helse- og omsorgsminister, Bent Høie, seier han ikkje har brote med løftet om å følgje den gylne regelen.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

– Bent Høie har snakka varmt om at han har innført den gylne regelen igjen, og da reagerer me på at ein no ser nedgang i psykisk helse, mens andre helsetilbod har vekst, seier Jill Arild. Ho er Leiar for Mental Helse i Telemark.

Den gylne regelen handlar om at rus og psykisk helse skal prioriterast i helseregionane, og til ein kvar tid ha ein årleg vekst som er høgare enn vanleg sjukehusbehandling.

Men nye tal syner no at somatisk helse hadde eit auke i kostnadene frå 2014 til 2015, og kostnadene innan psykisk helsevern vart redusert. På behandling av rus har det også vore vekst, men den gylne regelen krev at rus og psykisk helse skal ha vekst kvar for seg.

Det er på dette grunnlaget at Mental helse meiner Bent Høie har brote med sine tidlegare løfter om å følgje den gylne regelen.

Jill Arild

IKKJE GODT NOK: Ho er Leiar for Mental Helse i Telemark, Jill Arild, meiner psykisk helse vert nedprioritert.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Ministeren er ueinig

– Eg har på ingen måte brote noko løfte. Me har innført den gylne regel igjen og me byggjer opp det psykiske helsetilbodet i kommunane og på sjukehusa. Dessutan følgjer med helseregionane tett, og passar på at dei held seg til den gylne regelen, seier Bent Høie.

Sjølv om han meiner at han ikkje har brote løftet sitt, seier Høie at det framleis er ein veg å gå når det kjem til psykisk helse, og at tala som Mental Helse legg fram ikkje lyg.

– Helsesektoren har ikkje klart å leve opp til krava mine i desse to åra, men me har greidd å få ned ventetida for barnepasientane, seier Høie.

Arild seier lågare køar er vel og bra, men at det må gjerast meir for å sikre vekst i psykisk helse.

– Ein ting er å innføre den gylne regel, men det må også følgje med øyremerka middel til psykisk helse. Dette er førebels berre ein skrivebordsreform, seier Arild.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark