NRK Meny
Normal

Menn med separasjonsangst kjøper hytter

BAMBLE (NRK) :– For å gjera som ho ville, kravde eg at eg skulle få kjøpe meg hytte. Og slik gjekk det, seier Dagfinn Mogstad, stolt hytteeigar.

Gro og Dagfinn Mogstad har mange prosjekter

Dagfinn gler seg til å starte med å snikre ny terrasse og vinterhage medan han speidar ut over alt det herlege arbeidet som ventar.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Han møter oss ved parkeringsplassen. Lett i steget og med frisk farge i kinna. Ein friluftsmann ser det ut til. Og han smiler, det ser ut som han har det bra.

– Dette er typisk for skjergarden i Bamble. Opp og ned. Du skal få sjå utsikta på toppen der hytta ligg. Du kan sjå til Stråholmen og Jomfruland.

Etter eit par minuttar på ein idyllisk grusveg, svingar me inn på ein stig som går gjennom blåbærlyng bort til ei hytte i to fargar. Kvit og skogshyttebrun.

– Me ville ha den lysare, seier Dagfinn i det han trykker ned klinka. Den friske skogslufta blandar seg med ny måling.

Journalisten får beskjed om å behalde skoa på. Hytteeigaren meiner det er noko nymotens tull å drive å ta av seg skoa.

Gro viser fram prospektet

– Slik såg det ut då me kjøpte, seier Gro. Ho viser fram prospektet.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Menn over 60 er overrepresentert

Menn over 60 år utgjer rundt 20 prosent av befolkninga tiltalt, men blant hytteeigarane er dei i stort fleirtal. Noko av forklaringa er arv, men det handlar også om at menn som går med på å flytte inn i leilegheit, sørger for å skaffe seg hytte for å ha noko å stelle med.

– Eg kan ikkje sitte i sofaen og sjå på fjernsyn heile tida, seier Dagfinn Mogstad.

Han og kona Gro selde ein praktvilla på stort eigedomstomt i Porsgrunn. Det gjekk han med på, men stilte eit klart krav.

– Kravet mitt var at eg skulle få kjøpe meg ei hytte der det var utsikt, veg fram til hytta og parkering. Det har eg fått.

Kona Gro ler

Sjølv om kvinner i gjennomsnitt lever lenger enn menn, er 57 prosent av alle private hytter her i landet eigd av menn over 60 år. Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Nesten 6 av 10 hytteeigarar er menn.

– Han seier eg, men me er no to om det.

Ho viser stolt fram prospektet frå då dei kjøpte hytta, ei klassisk hytte frå 70-talet med umåla og gulbrune vegger.

No er kjøkkenet skifta ut, veggane måla, bade pussa opp, og utvendig måling er på gang. Stort sett har dei pussa opp og endra heile hytta. Men utsikta mot havet er den same.

Hytte i Bergsbygda

Hytta i Bergsbygda ligg 10 minuttars biltur frå Porsgrunn sentrum.

Foto: Anne Lognvik

Hytte på eigedomstomt med havutsikt

– Det er nok ei stund sidan den var i bruk, seier meklar Jørn Eik Nilsen. Han låser opp døra til den vesle hytta på 40 m².

Meklar Jørn Eik-Nilsen, Eiendomsmegler 1 Telemark

Meklar Jørn Eik-Nilsen legg ikkje skjul på at det er ein del som må gjerast på denne hytta.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– For å sei det slik, det er enkel standard, og det drys frå taket. Men lekkasjen er reparert. Det som drys ned er tørt.

Men kven i all verda kjøper noko som dette. Her har du arbeid i årsvis viss du ikkje kan betale deg frå det?

– Jau, det er klart det er mykje å gjera for å få dette opp på ein grei standard, seier meklar Eik-Nilsen.

Men på den andre sida, for godt under ein million får du hytte med havutsikt ti minuttar frå Porsgrunn sentrum.

– Både unge med lite pengar, og menn med separasjonsangst er interesserte i slike hytter. Menn som har flytta i leilegheit vil ha noko å gjera for ikkje å gå på veggen. Det blir oppfylt til fulle her, smiler meklaren.

Og førebels er ikkje hytta i Bergsbygda selt.