NRK Meny

Mener klimaendringene er naturlig

Bård Hoksrud fra Frp tror ikke klimaendringene er menneskeskapt. – Det har alltid vært naturlige svingninger i temperaturene, sier Hoksrud. Norges vassdrags- og energidirektorat la i dag fram en miljøanalyse som viser at gjennomsnittstemperaturen i Telemark stiger med fire grader fram mot hundreårsskiftet.

Bård Hoksrud
Foto: Åserud
  • Tok avskil med Bjørg Vik

    Ei fullsett Vestsida kyrkje i Porsgrunn tok i dag avskil med forfattaren Bjørg Vik, som døydde sist sundag. Familie og vener heidra den særmerkte forfattaren, som utmerka seg ved å skrive om kvinners liv og kamp.

    Gravferd, begravelse Bjørg Vik
    Foto: Anne Lognvik / NRK
  • Sett fri etter å ha truga politiet

    Mannen som truga med å skyte mot politiet på Akkerhaugen i går er sett fri. Mannen er avhøyrt, og politiet trur ikkje det er fare for at mannen vil setje fram nye trugsmål, seier politiadvokat Ingebjørg Marie Landsverk.

  • Heile Grenland har fått straum

    Skagerak Energi har no retta så godt som alle feila på straumnettet i Grenland. Det står att to kundar i Valebø, men desse får straumen tilbake i løpet av dagen, seier kommunikasjonssjef Thor Bjørn Omnes.

  • Dømd for likskjending

    Den 33 år gamle dottera til avdøde Kari Grønnestad er dømd til fengsel i åtte månader for å ha skjenda liket til mor si. Ho har tidlegare sete varetektsfengsla i 172 dagar, og det tyder at straffa er ferdigsona, skriv TA. Kari Grønnestad blei meldt sakna i 2012, og tre år seinare blei ho funnen drepen, dumpa i eit hundebur ved Langbryggene i Skien.