Hopp til innhold

Mellingen meiner tiltalen er feil

I morgon startar ankesaka mot ekspolitimannen som er dømt for å ha forlate Linn Madelen Bråthen (33) i hjelpelaus tilstand ved Breviksbrua i Telemark i 2013.

Redaktør Ove Mellingen kritisk til ankesak

Redaktør i avisa TA, Ove Mellingen, meiner ankesaka ikkje går føre seg på riktig grunnlag. I ein kronikk i TA tar han eit oppgjer med norsk rettsstell og det han meiner vil hefte ved vanlege folk si alminnelege rettsoppfatning i lang tid.

– Eg meiner det er ein del av pressa si oppgåve å sjå nøyare på påtalemakta sine avgjerder. Og eg må innrømme at denne saka plagar meg veldig, seier Mellingen.

Han synest det er forferdeleg å tenke på at det kanskje ikkje er sjølvmord i denne saka, og at det i staden er andre forhold.

Les også: Løy først – nå vil han bli trodd

Meiner tiltalen er feil

Redaktør Ove Mellingen kritiserer påtalemakta for den tiltalen dei har kome med, som han meiner ligg på sida av det alle er opptekne av. Om det var ei kriminell handling som førte til at Linn Madelen døde

– Eg meiner det som er offentleg kjent av indisier og vitne burde ha ført til at rettssaka kom opp igjen med ein annan tiltale. Men det er mykje som tyder på at det ikkje kjem til å skje, seier Mellingen.

Reagerer på tidspunktet

Arne Lie
Foto: Philip Hofgaard / NRK

Arne Lie er forsvarer for den tidlegare politimannen som i tingretten blei dømt for å forlate Linn Madelen Bråthen i hjelpelaus tilstand på Breviksbrua. Han reagerer sterkt på det Mellingen skriv.

– Eg reagerer i første rekkje på tidspunktet han skriv dette. Kva han meiner om tiltalen vil eg ikkje legge meg opp i. Men eg synest det er utidig at det kjem i avisa dagen før anken skal opp i retten, seier Lie.