NRK Meny
Normal

Melhus er EM-klar: – Eg gjeng for gull

Kevin Melhus frå Skien er boksar på det norske landslaget, og nå er han klar for å representere Norge og Telemark i amatør-EM i Bulgaria. Det er fyrste gong han deltek i EM og han har store mål om kvalifisering til VM og gullmedalje.

Kevin Melhus

GJENG FOR GULL: Boksaren Kevin Melhus frå Skien håpar på medalje.

Foto: Carl Celius

Han starta i bokseringen da han var 16 år gamal. Han studera ingeniør på Haugesund/Stord Universitet, og heldt ei boksepause på fire år under studia.

Men i fjor valde han å sei frå seg jobben og satse alt på boksesporten. I dag reiser han og resten av landslaget i amatørboksing til Bulgaria, og han har store forventningar til meisterskapen.

– Eg forventar at eg skal prestere mitt beste, og kanskje kvalifisere meg til VM i Qatar mot slutten av 2015. Det er målet, fortel 25-åringen.

Trur på gode sjansar

Melhus meiner han har gode sjansar. Han satsar på å slå 50 prosent av motstandarane, 30 prosent trur han han er jamn med, og dei resterande 20 prosentane må han jobbe hardt for å sigre over.

– Om ein tapar ein kamp så er ein ute av turneringa, så det er vinn eller forsvinn, seier Melhus.

Trenar Max Mancovich, tidlegare trenar for Cecilia Brækhus, fortel at det er vanskeleg å hevde seg i eit mesteskap når det er fyrste gong. Dommarar kjenner til dei meir profilera bokseriane, og det er ikkje dumt dersom ein heve nokre medaljar i bagasjen.

– Ein er avhengig av ei god trekning, og å ikkje møte beste mann i fyrste kamp, for då kan ein ryke ut. Sjølv om han kanskje tapar mot dei aller beste, er vi fornøgde om han gjer ein god kamp, seier Mancovich.

Ei fantastisk oppleving

Tidlegare i sommar var Melhus i Los Angeles på ferie der han møtte bokselegenda Freddy Roach i et boksestudio. Roach er den mest profilerte nålevande boksetrenaren i verda, og Melhus såg det som ei ære då han blei invitera til å trene med legenda.

– Eg blei litt starstruck, viss eg skal vere heilt ærleg. Det var ei stor ære å få lov til å trene med han.

Det viktigaste Melhus tok med seg frå treninga med Roach, var inspirasjon og annerkjennelse for at han har det som skal til. Han fortel at det er viktig å ha trua på seg sjølv, så vil andre også ha trua.

Draumar om OL i Rio

Melhus har mange mål for framtida. Han håpar at han i Bulgaria kan vere blant dei seks beste og med det kvalifisere seg til VM seinare på året. Og OL i Rio neste sommar er ein stor draum for skiensmannen.

– Det hadde vore veldig stort å få bokse med det norske flagget på brystet, seier han.

Men fyrst skal han hevde seg i Bulgaria.

– Eg gjeng for gull, sjølvsagt. Alt anna ville vore uaktuelt.