Hopp til innhold

Lågare terskel for å melde overgrepssaker

– Barnevernet er blitt raskare til å melde moglege overgrepssaker til politiet dei siste åra. Det seier Ola Fadnes, fungerande barnevernsleiar i Skien kommune.

Ola Fadnes

Barnevernet veit meir om dei alvorlege konsekvensane av seksuelle overgrep for barn og er blitt raskare til melde saker til politiet, seier Ola Fadnes i Barnevernet i Skien.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

I går blei det kjent at ein mann som tidlegare var tilsett ved ein barnehage i Grenland, er sikta og varetektsfengsla etter mistanke om seksuelt overgrep mot eit barn under skulealder.

Fungerande barnevernsleiar i Skien, Ola Fadnes, seier at barnevernet får meldingar om barn som kan ha vore utsett for seksuelle overgrep.

Meldingane om moglege seksuelle overgrep mot barn kan kome til oss via familie, barnehage eller helsepersonell, seier Fadnes til NRK.

Fadnes vil ikkje uttale seg om overgrepssaka i Grenland, men uttalar seg på eit generelt grunnlag.

Ta vare på barnet

Ola Fadnes

Ola Fadnes, fungerande barnevernsleiar i Skien kommune.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

Det startar gjerne med at Barnevernet får ei bekymringsmelding som blir sendt vidare til barnevernstenesta for at dei kan undersøke det nærare. Men er det ein kjent gjerningsmann kan Barnevernet gå direkte til politiet og melde saka med ein gong.

Vår viktigaste oppgåve er å ta vare på barnet, og sørgje for at barnet blir verna og ikkje utsett for nye overgrep, seier Fadnes.

Barnevernet undersøker kva som er bakgrunnen for at det kjem bekymringsmeldingar for å kunne vurdere kor alvorleg dette er.

– Barnevernet er blitt raskare til å melde overgrepssaker og valdssaker til politiet, seier Fadnes.

Han seier at kunnskapen om kor skadelege overgrep er for barna har ført til ei utvikling med raskare reaksjon.

– Vi veit kor traumatiske dette kan bli for barna. Alvoret i slike saker er gått meir og meir opp for oss, seier Fadnes.

Får store konsekvensar

Når seksuelle overgrep skjer på skulen eller i barnehagen er det gjerne personar barna har tillit til som er involvert i sakene.

I slike saker kan omfanget vise seg å vere større. Og det involverer mange foreldre, seier Fadnes.

For har eitt barn blitt utsett for seksuelle overgrep kan fleire ha blitt det på same skule eller barnehage.

Ei slik sak vil også involvere dei tilsette på skulen og barnehagen.

– Så det får store konsekvensar, seier Fadnes.

Sikta for seksuell omgang

Torunn Fossli Sæthre.

Torunn Fossli Sæthre er leiar for team for familievald og seksuelle overgrep ved Telemark politidistrikt som etterforskar saka.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Ein tidlegare tilsett i ein barnehage i Grenland er i Nedre Telemark tingrett varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod. Mannen er sikta for seksuell omgang med eit barn under skulealder. Den sikta blei arrestert av politiet 25. mars.

– Politiet i Telemark har fått bistand av Kripos i etterforskinga, seier Torunn Fossli Sæthre.

Politiet starta etterforsking etter at barnevernet meldte mannen til politiet i slutten av februar i år.

Etter fleire dommaravhøyr, vitneavhøyr og tekniske undersøkingar har politiet funne grunn til å mistenke at det kan ha skjedd overgrep.

I fjor haust skal fleire barn i den aktuelle barnehagen ha oppført seg merkeleg. Leiinga i barnehagen skal ha tatt kontakt med barnevernet, fordi dei oppfatta at fleire av dei små barna skal ha utført seksuelle handlingar under leik, skriv Dagbladet.

Vil ikkje kommentere saka

Leiinga i barnehagen i Grenland, der ein tidlegare tilsett er sikta for overgrep mot eit barn, ønskjer ikkje å uttale seg til NRK om saka nå.

Leiinga ved barnehagen viser til at dette er ei politisak og ønskjer verken å stadfeste eller avkrefte at barnehagen er involvert.

Politiet har hatt eit informasjonsmøte med dei berørte foreldra, og det har også vore eit informasjonsmøte med personalet.

Sikta har vore i avhøyr

Forsvararen for den sikta Knut Erik Storlykken Søvik seier til NRK at hans klient ikkje erkjenner straffskuld.

Min klient stiller seg uforståande til det han er sikta for, seier Storlykken Søvik.

Forsvararen fortel at hans klient er innstilt på å forklare for politiet det dei ønskjer å vite, og at det blir ei grundig etterforsking.

Knut Erik Storlykken Søvik

Knut Erik Storlykken Søvik er forsvarar for den sikta.

Foto: Christer Karlsen / NRK

Barn vil bli avhøyrt av dommar

Fleire av dei andre barna i barnehagen i Grenland skal i dommaravhøyr førstkomande torsdag og fredag.

Barna vil då bli avhøyrt av spesialutdanna dommarar.

Avhøyra av dei andre barna i barnehagen vil vere avgjerande for om den tidlegare ustraffa mannen kan bli sikta for fleire forhold.

Anne Lise Farstad

Anne-Lise Farstad ved Barnehuset i Kristiansand

Foto: Cathrine Mjøs Sviggum / NRK

Politiet i Grenland har alt gjennomført dommaravhøyr i saka. Slike avhøyr blir gjort av ein frå politiet som er spesialutdanna til å snakke med barn og ungdom.

Fagfolk følgjer avhøyra

Det blir gjort opptak av samtalen med lyd og bilde som blir overført til eit anna rom der ein tingrettsdommar, advokatar og fagpersonar følgjer avhøyret.

Statens barnehus bidreg med fagfolk ved slike avhøyr.

Leiar for Statens Barnehus i Kristiansand, Anne-Lise Farstad, ønskjer ikkje å kommentere saka frå Grenland.

Farstad seier på generelt grunnlag at det er sjeldan at barn under tre år blir avhøyrt.

Kripos har kompetanse på å etterforske saker der det kan ha gått føre seg overgrep mot svært små barn.