Stadig fleire flytter på hytta

VRÅDAL (NRK): Ekteparet budde i eit gamalt og kaldt hus, men ønska seg eit nytt som var moderne og varmare. Dei enda med å melde flytting til hytta.

Bjørn Rønneberg og Eva Halland Botnen på Fossøy i Vrådal

FLYTTA TIL HYTTA: Bjørn Rønneberg og Eva Halland Botnen er dei første som har fått godkjent hytta som heilårsbustad etter det nye regelverket i Kviteseid. Her har dei utsikt til golfbanen og slusene i Vrådal.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

– Vi hadde høyrt at det var mogleg å få dispensasjon for å bruke hytta som heilårsbustad i andre kommunar, og hadde eit håp, seier Bjørn Rønneberg som pendlar til jobb i Oslo.

For to år sidan kjøpte ekteparet hyttetomt i Vrådal for å bygge ei ny og moderne hytte.

– Eg hadde lyst til å flytte tilbake då vi var så heldige å få denne flotte tomta på Fossøy, seier Eva Halland Botnen som vaks opp i Vrådal.

Den 1. august fekk ekteparet mellombels dispensasjon for å bruke hytta som heilårsbustad. Utan dispensasjon ville dei bli buande i Oslo.

Hyttefelt på Gaustablikk

Tinn kommune har 5000 hytter. Her har kommunestyret bedt rådmannen om å greie ut retningsliner for at folk kan melde flytting til hytta.

Foto: Anne Lognvik

Hyttefolk får melde flytting

I Kviteseid kommune har Jon Ingebretsen i Miljøpartiet dei Grøne tatt initiativ til at kommunen har utarbeida eit regelverk for at hyttefolk kan få mellombels dispensasjon for å bruke hytta som heilårsbustad.

– Vi skal gje hyttefolk sjansen til å ta i bruk hytta som bustad, viss dei kan tenke seg det. Og med det melde innflytting til kommunen.

Ingebretsen håpar sjølvsagt på fleire innbyggarar. Han meiner det ligg godt til rette for det i Vrådal, der hyttene har høg standard og ligg nære sentrum i bygda.

Jon Ingebretsen, Miljøpartie de Grønne i Kviteseid

Jon Ingebretsen i Miljøpartiet de Grønne seier det er ei stor utfordring for små kommunar å få fleire innbyggarar.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Kan få høgare bukvalitet

Johan Fredrik Rye, professor i sosiologi og statsvitskap ved NTNU, seier det er mange årsaker til at folk vil flytte til hytta.

– Mange har tilknyting til staden fordi dei har vakse opp der, eller familien har hatt hytte der i mange år.

Veldig mange fritidsbustader har like høg standard som bustader.

– Det kan ofte vere ein del pengar å tene. Bustadmarknaden er veldig pressa i byane, og mange kan få ein høgare kvalitet på bustaden ved å flytte til fritidsbustaden. Enten dei bygger nytt, eller oppgraderer den dei har.

Rye seier det kan vere ein attraktiv strategi for kommunar som opplever nedgang i folketalet, å legge til rette for at folk kan bu fast hytta.

Fleire ønskjer å bu på hytta

Store hyttekommunar som Ringsaker, Trysil og Sigdal har gjort det enklare for hyttefolk å få dispensasjon for å kunne bu fast på hytta.

Hyttene må tilfredsstille krava til heilårsbustad.

Lars Erik Hyllvang, SP

Ordførar Lars Erik Hyllvang fortel at det i hovudsak er godt vaksne folk som vil flytte til hytta i Engerdal.

Foto: Torunn Myhre

I Engerdal kommune har formannskapet godkjent 15–20 søknader om å melde flytting til hytta.

– Det er eit behov som fleire og fleire ønskjer, seier ordførar Lars Erik Hyllvang i Engerdal.

Han seier at hovudgrunnen er at kommunen ønskjer fleire innbyggarar, for å kunne halde oppe tenestetilbodet i kommunen.

– Men det var også mange hyttefolk som tok kontakt med kommunen, fordi dei budde mykje på hytta si.