Hopp til innhold

Meld frå om døde fuglar

Mattilsynet ber folk melde frå om dei finn døde fuglar dei neraste vekene. Det er frykt for at trekkfuglane kan bringe med seg smitte av fugleinfluensa etter eit stort utbrot i Sentral-Europa.

død fugl

MELD INN FUNN: Mattilsynet ønsker at folk som kjem over døde fuglar melder ifrå til dei.

Foto: Anders Fehn / NRK

«Det er auka risiko for at trekkfuglane som kjem med fugletrekka dei neste vårvekene kan bere med seg smitte til Noreg», skriv Mattilsynet i ei pressemelding.

Mattilsynet ønsker å ta prøver av døde fuglar utan synlege skadar, og ber folk kontakte lokale tilsynskontor når dei finn døde fuglar.

Du kan kontakte Mattilsynet på telefon 22 40 00 00

Blant dei fuglane som er mest utsett for smitte er endar, gjess, svaner, måkefuglar, vadere, rovfuglar og åtselfuglar som kråker.

Den typen av fugleinfluensa som no herjar i Sentral-Europa er ikkje farleg for menneskje, men den er dødeleg for både ville og tamme fuglar. Av den grunn er det også innført portforbod for tamme fuglar som skal aldast innandørs eller under tett tak ute for ikkje å bli smitta.

Det er spesielt områder på Austlandet, rundt Oslofjorden, Rogaland og Nord-Trøndelag som er sansynleg landingsplass for dei trekkfuglane som Mattilsynet no frykter kan bringe med seg smitten av fugleinfluensa.