NRK Meny

Meir synleg politi før skolestart

Det vil bli meir synleg politi langs telemarksvegane i tida framover. For i dag er det første skoledag for mange 6-åringar, og politiet oppfordrar alle som ferdast i trafikken til å ta omsyn. Politistasjonssjef Tor Egil Syvertsen seier at det vil bli gjennomført fleire kontroller i forbindelse med skolestart.