Hopp til innhold

Meir enn 2000 straumlause

Mellom to og tre tusen husstandar i Telemark er utan straum. 1800 husstandar er straumlause i Skagerak Energi sitt forsyningsområde i Telemark. Dei fleste av desse ligg i Skien. I Drangedal er fleire husstandar i Kroken og på Henseid straumlause. Det har vore fleire andre straumbrot i Drangedal, men i fylgje nettsidene til e-verket er desse retta. I Vest-Telemark er det framleis straumlaust på Spjotsodd mellom Kviteseid og Vrådal.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark