NRK Meny
Normal

Meiner vi heller må heie på Sverige

Idrettspresident Tom Tvedt ser gjerne at vi ein gong i framtida skal arrangere OL og Paralympics i Noreg. Men han trur Sverige vil vera ein god kandidat i 2026.

Sverige Sotsju

JUBEL FOR SVERIGE: Det svenske stafettlaget i langrenn jublar over gullmedalje under OL i Sotsji. Frå venstre: Ida Ingemarsdotter, Emma Wikén, Anna Haag og Charlotte Kalla.

Foto: Eeg, Jon / NTB scanpix

– Vi veit at Sverige har jobba mot 2026 og kome langt av garde. Det er viktig å få flytta eit stort OL til Europa.

tvedt

MÅ DISKUTERE: – Dersom vi skal gå i gang med ein ny OL-prosess i Noreg, så treng vi å diskutere det saman med styresmakter. Både om garantien og pengane, og om lokaliteten, seier presidenten i Norges idrettsforbund, Tom Tvedt.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Og Tvedt er usikker på om eit OL i Telemark i 2026 er realistisk.

– Vi må bli einige i Noreg, både styresmaktene og idretten. Vi kan ikkje feile ein gong til. Det har kosta oss for mykje usemje og det har skapt mykje splid.

– Har de vore involvert i prosessen i Telemark?

– Nei.

Bør vera solidariske

Geir Jørgen Bekkevold i KrF er stortingsrepresentant frå Telemark, og synest det vil vera ein god idé å arrangere eit OL i skisportens vogge. Men han meiner dei nordiske landa bør vera solidariske.

Geir Jørgen Bekkevold (KrF)

NORDEN MÅ STÅ SAMAN: Geir Jørgen Bekkevold i KrF vil ha OL attende til eit vestleg, demokratisk land. Da må dei nordiske landa hjelpe kvarandre, og ikkje konkurrere.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

– Viss Stockholm har kome lenger i prosessen, så er det kanskje lurt å heie på Stockholm.

– Men er det ikkje bra med litt konkurranse, og at IOC vel den beste søknaden?

– Nå har land som Kasakhstan og Kina vunne fram. Eg synest vi må få eit OL attende til det det var, noko både Sverige og Noreg er i stand til. Det handlar ikkje om å konkurrere, vi må hjelpe kvarandre.

– Ikkje vårt ansvar

Jonny Pettersen er leiar i Notodden idrettsråd, og er ein av dei som lanserte ideen om eit OL i Telemark. Han vedgår at dei har ein tøff jobb framfor seg.

Jonny Pettersen

JOBBAR FRAM MOT 2026: Jonny Pettersen i Notodden idrettsråd arbeider med ein studie for å kartlegge moglegheitene for eit OL i Telemark.

Foto: Eirik Haugen / NRK

– Tom Tvedt har rett i at ni år er kort tid. Vi er i gang med ein studie for å finne ut om det er mogleg i 2026, eller om vi heller må satse mot 2030. Per i dag jobbar vi for Telemark 2026.

– Kva vil du seia til dei som synest vi bør heie på Sverige i staden for?

– Eg må tenkje på kva eg trur på for Noreg og vår region. Eg kan ikkje vera ansvarleg for ein eventuell Stockholm-søknad. Vi tek stilling til at svenske styresmakter har sagt at dei ikkje kjem til å søkje om OL.

Telemark 2026

LANSERING PÅ GAUSTATOPPEN: 31. oktober var det pressekonferanse om Telemarks OL-planar på Gaustatoppen med Veslemøy Wåle (Notodden Høgre), Jonny Pettersen (leiar i Notodden idrettsråd) og Tarjei Gjelstad (ordførar i Kviteseid, Arbeidarpartiet).

Foto: Roald Marker / NRK

Jobbar framleis med ein søknad

I april melde fleire medium at Sverige ikkje kom til å søkje om eit vinter-OL i Stockholm. Mediesjef i Sveriges Olympiska Kommitté, Lars Markusson, fortel at Socialdemokraterna trudde det ville vera vanskeleg å få med seg dei andre partia.

Lars Markusson

VIL HA OL I STOCKHOLM: Lars Markusson er mediesjef i Sveriges Olympiska Kommitté, og arbeider i likskap med Telemark fram mot 31. mars med å sende eit intensjonsbrev til IOC.

Foto: Sveriges Olympiska Kommitté / TT

– Det som har skjedd sidan april er at IOC har endra regelverket, nå er det heilt andre føresetnadar for å søkje. Det gjer det meir attraktivt å søkje.

Han fortel at støtta som IOC deler ut er høgare, og det er OL som skal tilpasse seg staden, ikkje staden som skal tilpasse seg OL.

– Stockholmskampanjen har jobba tett saman med IOC sidan juni med å skreddarsy eit tilbod som passar både byen og IOC.

Hammarbybacken

OL-ELDEN I STOCKHOLM: Slik ser Sveriges Olympiska Kommitté for seg at eit OL i Stockholm kan sjå ut. OL-elden blir tent på toppen av Hammarbybacken, med halfpipe og kulekøyringsbakke på framsida og bob- og akebane på baksida.

Foto: Sveriges Olympiska Kommitté