Hopp til innhold

Meiner studentane er for dårlege

NOTODDEN (NRK): For fyrste gong har dei som underviser fått seie kva dei meiner om kvaliteten i høgare utdanning. Nesten halvparten av dei spurde, tykkjer studentane kunne gjort ein betre jobb.

Forelesning på NTNU Ålesund, SIKT-konferansen 2016

IKKJE GODT NOK: Ein ny rapport frå NOKUT syner at fleire førelesarar ikkje er nøgd med innsatsen til studentane.

Foto: Frode Berg / NRK

– Eg førebur meg som oftast til undervisinga. Spesielt til dei tyngre faga, seier student Guro Skaraas Johnsen.

– Men trur du alle studentar gjer det?

– Nei, det er nok diverre ikkje slik, seier ho med eit lite flir.

Johnsen studerer for å verte grunnskulelærar, og tek bacheloren sin ved Høgskulen i Søraust-Noreg.

Mykje tyder no på at studentar som Johnsen er ein sjeldan rase. I alle fall om me skal tru på dei som underviser studentane.

Guro Skaraas Johnsen

FØREBUDD: Lærarstudent, Guro Skaraas Johnsen, ser verdien i å førebu seg til førelesing.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Ikkje godt nok budd

I ein rapport frå NOKUT kjem det fram at mange førelesarar tykkjer studentane kunne lagt ned ein betre innsats. Dei er spesielt lite nøgd med at studentane ikkje førebur seg til undervisinga.

Ole-Jacob Skodvin

PILOTPROSJEKT: Analysedirektør i NOKUT, Ole-Jacob Skodvin, meiner undersøkinga er representativ.

Foto: Moment Studio

2561 førelesarar frå åtte forskjellige utdanningstypar har delteke i undersøkinga, som er den fyrste i sitt slag.

– Det er jo eit pilotprosjekt, men det er også ganske høg svarprosent frå førelesarane. Me har også kvalitetssikra materialet, så det er absolutt ei representativ undersøking, seier analysedirektør i NOKUT, Ole-Jacob Skodvin.

Førelesarane har vorte spurt ei rekke spørsmål i undersøkinga, blant anna kva dei tykkjer om studentanes førebuingar og generelle innsats. Magasinet Utdanningsnytt skriv at 48 prosent av førelesarane ikkje var nøgd med førebuingane.

– Fleire meiner også at det er utfordringar rundt den generelle innsatsen frå studentane, seier Skodvin.

Blant dei åtte utdanningstypane som var med i undersøkinga, var grunnskulelærar å finne. Guro Johnsen vert litt uroleg over at framtidige lærarar, slik som ho sjølv, ikkje ser verdien i å førebu seg.

– Da kan ein jo ikkje forvente noko betre av sine eigne framtidige elevar, seier ho.

Nye tider

– Det vert jo alt for enkelt å berre peike fingeren på studentane og seie at dei gjer det for dårleg, seier lektor ved Høgskulen i Søraust-Noreg, Petter Kongsgården.

Petter Kongsgården - Høgskulelektor

KOMMUNIKASJON: Høgskulelektor, Petter Kongsgården, meiner studentar og førelesarar no må starte ein dialog for å sikre god utdanning.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Han har sjølv svart på undersøkinga og samstundes har han vore med i utvalet som har evaluert resultatet i rapporten. Han meiner funna syner nye tider i høgare utdanning.

– Den klassiske førelesinga i stor skala, den eksisterer nok ikkje lengre. Me ser jo også i denne undersøkinga at studentar i dag har meir utbytte av aktiv læring i mindre grupper, seier Kongsgården.

– Men opplever du at studentane dine kjem dårleg førebudd til undervising?

– Det er begge deler, men eg tenker også at studentar i dag er smarte. Dei førebur seg når dei treng det, seier Kongsgården.

Han legg til at det no vert viktig for begge partar og kommunisere godt, for å sikre best mogleg undervising i framtida.