Hopp til innhold

Medlemsboom i SV etter ny regjering

På berre fem dagar har SV fått 772 nye medlemmer. – Det er eit varsel om meir konfrontasjon i norsk politikk, trur politisk kommentator.

Statsbudsjettet 2019

MEDLEMSBOOM: – Fantastisk at me har fått så mange nye medlemmer på så kort tid, seier partileiar Audun Lysbakken. Senterpartiet har også fått mange nye medlemmer.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Det starta som ein spontan reaksjon på regjeringsplattforma med at 39 nye medlemmer melde seg inn natt til fredag. Sidan har det strøyma på med nye medlemmer, seier partileiar Audun Lysbakken.

Det er fleire parti som har fått nye medlemmer denne helga, men ingen har fått så mange som SV.

Aukar fleire prosent

– Det er eit uttrykk for at folk ynskjer å flokke seg rundt parti som representerer ei motvekt til regjeringa, seier stortingsrepresentant Torgeir Knag Fylkesnes (SV).

Måndag ettermiddag hadde partiet registrert 772 nye medlemmer. Totalt er det no om lag 13 300 medlemmer i partiet, som har fått ein prosentvis medlemsvekst på nesten seks prosent berre dei siste fem dagane.

Fylkesnes trur mange av dei nye medlemene har meldt seg inn mellom anna fordi abortlova blei sett i spel på vegen mot den nye regjeringa, som no har reint fleirtal.

Torgeir Knag Fylkesnes og Ådne Naper, SV

FRAMGANG: Stortingsrepresentant Torgeir Knag Fylkesnes (t.v.) er kandidat til nestleiarvervet i SV, og saman med sentralstyremedlem Ådne Naper gler han seg over seks prosent medlemsvekst på fem dagar.

Foto: Randi Berdal Hagen / NRK

Varslar hardare frontar i politikken

Politisk kommentator i NRK, Magnus Takvam, er einig i det.

– Denne innmeldingsbylgja i SV er eit interessant varsel om at frontane i politikken kjem til å bli hardare, i og med at ein med KrFs regjeringsdeltaking har fått sementert to tydelege blokker i norsk politikk, seier Takvam.

Magnus Takvam

Politisk kommentator i NRK, Magnus Takvam, meiner ein kan vente seg eit meir konfronterande klima i politikken framover.

Foto: NRK

– Det blir nok meir konfrontasjon enn det me har vore vant til, trur NRK-kommentatoren.

Også Takvam meiner den store medlemsauken i SV kan sporast til kvinnerørsla og folks engasjement for kvinnerettar.

– Merksemda om abort og bioteknologilova er ein konflikt som mobiliserer på båe sider av konfliktlina, seier Takvam.

Ikkje uvanleg med medlemsbølgjer

Han minner om at slike spontane inn- og utmeldingsaksjonar ikkje er uvanleg i kjølvatnet av viktige politiske hendingar.

Ei liknande bylgje av innmeldingar i KrF kom i kjølvatnet av Knut Arild Hareides tale om retningsvalet i september. Og då retningsvalet blei tatt var det mange som melde seg både inn og ut.

KrF har førebels ikkje oversikt over inn- og utmeldingar sidan regjeringsplattforma blei vedteken torsdag, men fleire sentrale politikarar har annonsert at dei går ut av partiet.

Får nye medlemmer

Ytst i den blå leiren er det stabilt. Partikontoret til Frp melder at det ikkje har vore noko uvanleg inn- eller utmeldingsaktivitet hos dei den siste veka.

Ragnar Kvåle, informasjonssjef hos Senterpartiet, seier dei lenge har hatt ein jamn straum av nye medlemmer. Sidan torsdag har det kome over 100 nye.

Ingrid Langerud i Arbeiderpartiet seier at dei har fått 300 nye medlemmer i same periode. Miljøpartiet De Grønne har fått over 200 nye innmeldingar etter at regjeringsplattforma blei presentert.

Rødt opplyser at dei har fått 284 nye medlemmer sidan torsdag.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark