Hopp til innhold

Motorsyklist til sjukehus etter kollisjon

Ein MC-førar er frakta til sjukehus etter kollisjon med ein bil på Frierveien i Porsgrunn.

MC-ulykke på Friervegen Porsgrunn
Foto: Vika Media

Politiet melde på Twitter klokka 19 at ein motorsyklist har kollidert med ein bil på Friervegen i Porsgrunn.

Motorsyklisten er henta i ambulanse og frakta til Sjukehuset Telemark. Det er uvisst kva skadeomfanget er.

Førar og passasjer i bilen skal vere uskadd, opplyser politiet.

Ulykke nummer tre

Dette er den tredje motorsykkelulykka denne søndagen. I Bamble skjedde det to ulykker med motorsykkel tidlegare på dagen.

I 12.50-tida søndag opplyser politiet at naudetatane har rykket ut til Tangvallveien i Bamble etter melding om ei ulykke.

Og i halv fire tida kolliderte ei motorsyklist med ei bil ved Rugtvedt i Bamble.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark