Hopp til innhold

Deler ut gratis biogjødsel av matavfall

I snart ti år har folk levert matavfall og husdyrmøkk til gjenvinning. Nå får dei gratis gjødsel tilbake.

Bjarne Deila Bryn driver Bryns blomster.

HAR DET PLANTENE TRENG: Bjarne Deila Bryn som driver Bryns blomster seier den organiske gjødselen har det plantene treng. Men han trur du må bruke meir enn det som står på pakningen.

Foto: Anne-Cathrine Syversen / NRK

Bønder i Vestfold har lenge kunne nyte godt av biogjødselen. I desse dagar får også hobbygartnarane prøve. Pasadalen gjenbruksstasjon er eit av stadene som deler ut biogjødsel gratis.

Anne Berit Steinseth, Renevasjon i Grenland

Dagleg leiar Anne Berit Steinseth i Renovasjon i Grenland har kjøpt opp gjødselen for å dele ut til folket.

Foto: Anne-Cathrine Syversen / NRK

Anne-Lise Gulliksen leverer søppel på Pasadalen i Porsgrunn.

– Eg seier ja takk til det. Eg har lest om det, men eg har ikkje brukt det. Men eg har ein hage med litt planter og krydderurter. Det er blitt så moderne det nå.

– Men dei seier at det luktar litt. Trur du at du kan bruke den inne?

– Det får eg sjå på, for det veit eg ikkje.

Laga på eige matavfall

Organisk biogjødsel laga på matavfall

Organisk gjødsel laga på matavfall og husdyrmøkk.

Foto: Anne-Cathrine Syversen / NRK

Lukt har nemleg vore eit tema, etter at biogjødselen kom til søppelmottaket. Kannene på 2,5 liter stod først inne, nå er dei ute i ein container, fortel Karoline Aasen.

– Det lukta fælt, men dei seier at det er ekte vare. Og det luktar, det er heilt økologisk, laga på eige matavfall.

Dagleg leiar Anne Berit Steinseth i Renovasjon i Grenland meiner ho kan forsvare lukta.

– Det er husdyrmøkk, hushaldningsavfall og matavfall. Men det er ei økologisk vare som er laga med netto klimanytte. Viss du kjøper kunstgjødsel, så er jo det ei klimabeslastning.

Karoline Aasen og Morten Bjønnes på Pasadalen i Porsgrunn

Karoline Aasen og Morten Bjønnes på Pasadalen i Porsgrunn seier gjødselen har fått blanda mottaking.

Foto: Anne-Cathrine Syversen / NRK

Deler ut gratis til folk

Det er Steinseth som har kjøpt opp gjødselen for å dele den ut igjen til folket.

– Vi har kjøpt opp eit parti, som vi deler ut så langt lageret rekker. Og så er tanken at etter kvart det skal bli selt på hagesentera.

– Trur du folk vil ha denne lukta med heim?

– Absolutt. Det er heilt økologisk, så dette er bra. Då toler vi litt lukt.

Bjarne Deila Bryn fikk lukte på biogjødselen.

Mykje latter da tilsette hos Bjarne Deila Bryn fekk lukte på biogjødselen.

Foto: Anne-Cathrine Syversen / NRK

Har det plantene treng

Bjarne Deila Bryn driver Bryns blomster.

– Det lukta godt det der. Eg er vant til det som er laga av kugjødsel, og det lukta faktisk betre. Det er godt at det er gjenbruk, for det er veldig bra.

– Trur du det verkar som gjødsel?

– Det bør den gjere. For her er alle dei stoff som plantene trenger. Men eg trur du må bruke litt meir enn det som står på pakningen.

Og for dei som ønsker å få matavfallet tilbake i form av flytande gjødsel er det førstemann til mølla. Lageret blir neppe tømt dei første dagane.