Hopp til innhold

Mann stukken med kniv i ryggen

Ein 32-år gamal mann frå Porsgrunn er køyrt til Sjukehuset Telemark etter å ha blitt stukken i ryggen med kniv.

Slagsmål ved Skjelsvik i Porsgrunn

Politiet måtte rykke ut etter melding om slagsmål med kniv ved ein bensinstasjon i Porsgrunn.

Foto: Theo Aasland Valen

Det skal ha vore eit slagsmål mellom fleire personar ved ein bensinstasjon ved Skjelsvik i Porsgrunn. Politiet fekk melding om slagsmålet i tolvtida laurdag føremiddag.

Tre jamgamle menn frå Porsgrunn og Langesund er arrestert og sett i arrest, melder politiet i Telemark på Twitter.

Det var litt over klokka 12 laurdag ettermiddag at politiet fekk melding om knivstikking og slagsmål ved bensinstasjonen.

Operasjonsleiar Kim Stokke fortel at det var fire personar som er godt kjente for politiet som var innblanda i slagsmålet.

– Mannen som blei sendt til sjukehus er no utskriven. Skaden etter knivstikkinga var ikkje så alvorleg som det vi først trudde, seier Stokke.

Laster Twitter-innhold

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark