NRK Meny
  • Uvisst for OL-søknad

    Torsdag avgjør styret i Norges idrettsforbund om Telemark kan gå vidare med planane om eit vinter-OL i telemark i 2026. Prosjektleiar for OL-planane Geir Berge Nordtveit seier at utfallet av møtet er uvisst.

    Geir Berge Nordtveit
    Foto: Berit Heggholmen / NRK
  • Mista retten til å køyre bil

    Ein polsk mann er i Nedre Telemark tingrett dømt til fengsel i 18 dagar for å ha køyrd bil medan han var påverka av narkotika. Mannen mistar òg retten til å køyre bil i Noreg for alltid.

  • Open for trafikk etter bilberging

    Fylkesveg 359 på strekninga mellom Ulefoss og Bø er open igjen for trafikk etter bilberging. Også fylkesveg 152 Reskjem på strekninga Midtbygda til Ulefoss er open for trafikk etter bilberging.