Hopp til innhold

Mann falt 5-6 meter ned fjellskrent

Ein mann i 50-åra har falt ned frå ein fjellskrent ved Seljordsvatnet. Henta av redningshelikopter.

Mann falt ned frå fjellskrent

Ein mann i 50-åra frå Midt-Telemark måtte bergast med redningshelikopter etter å ha falt ned ein fjellskrent ved Seljordsvatnet.

Foto: Ole Christian Nordby/Eikerfoto

Operasjonsleiar Arne Tollehaugen fortel at politiet har fekk klokka 15.09 beskjed frå AMK om at ein person har falt ned frå ein fjellskrent i sørenden av Seljordsvatnet.

Den skadde skal vere oppe i fjellsida tvers over for Hegna Camping på Garviksida.

Politi og amulanse er på staden, og eit redningshelikopter er også komen fram. Skadeomfanget er førebels ukjent.

– Det er to personar som har gått på tur saman i området. Og den eine har ramla ned ein skrent, seier Tollehaugen.

Redningshelikopter fant mannen

Fall frå fjellskrent Seljord

Politi og ambulanse var på staden, og ambulansepersonell forsøkte å ta seg fram til fots til den skadde mannen i 50-åra.

Foto: Ole Christian Nordby/Eikerfoto

Det er eit veldig bratt terreng i området. Ambulansenfolk er ute i området for å prøve å ta seg fram til den skadde.

Klokka 16.23 klarte redningshelikopteret og lokalisere personen frå lufta.

– Redningshelikopteret har lokalisert personen nå. Og ein redningsmann er nå blitt firt ned for å heise opp den skadde personen, seier Tollehaugen.

Klokka 16.55 kan operasjonsleiar Arne Tollehaugen stadfeste at den skadde mannen er ombord i redningshelikopteret.

Hadde smerter i ryggen

Politiet har klokka 17.00 fått stadfesta at det var to menn som var på tur i området.

– Då dei skulle passere eit svaberg kom dei til eit glatt parti, og den eine mannen sklei nedover på svaberget og hamna utfor ein fjellskrent, seier Tollehaugen.

Mannen falt om lag 5-6 meter i fritt fall og blei liggande. Då redningsmannskapet kom fram til mannen i 50-åra frå Midt-Telemark var han bevisst.

– Han klaga over smerter i ryggen, og er no frakta med redningshelikopteret til Sjukehuset Telemark, seier Tollehaugen.

NRK oppdaterer saka.

seljordsvatnet

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark