Hopp til innhold

Mange melder om ulvespor

SNO må dagleg ut for å sjekke ulvespor i Telemark. Torsdag morgon blei det meldt om moglege ulvespor ved Borgeåsen i Porsgrunn.

Ulvespor i Porsgrunn

Ole Gunnar Kristiansen såg eit stort dyr som kan vere ulv ved Borgeåsen torsdag morgon.

Foto: Anita Moland / NRK

Debatten etter ulvejakta i Nome i vinter fører til at mange nå ringer inn og meiner at dei har observert moglege ulvespor.

Statens naturoppsyn får stadig inn meldingar frå folk som meiner dei ser det store dyret streife forbi i bustadområde.

Moglege ulvespor

NRK Telemarksendinga sin reporter Anita Moland møtte torsdag morgon Ole Gunnar Kristiansen på Borgeåsen, som såg eit stort dyr ved 05-tida.

– Eg stod ved stoveglaset og såg ut av vindauge og då eg ser mot Hovenga får eg sjå eit nokså stort dyr stå nede i bakken som eg brukar å kjøre med bil heim, seier Kristiansen.

Han meiner det kan likne ein ulv eller ein schäfer. Kristiansen ser dyret i nokre minuttar før det forsvinn nedover bakken.

(artikkelen held fram under biletet)

Ulvespor i Porsgrunn

Det var tydelege spor etter eit stort dyr i nysnøen torsdag morgon.

Foto: Anita Moland / NRK

Artig om det er ulv

Spora i nysnøen viser avtrykk av store potar som går oppover mot toppen av bakken mot Borgeåsen. Ved innkjørselen til naboen har dyret stoppa.

Her ser det ut som dyret har vore litt forvirra og har gått fram og tilbake, før det forsvann nedover bakken.

– Eg er ikkje redd og eg synest det er litt artig, viss det skal vere ein ulv. Men eg kan jo ikkje påstå noko, seier Kristiansen.

Mange melder om ulvespor

I vinter er det påvist minst to ulv i Telemark gjennom DNA-prøver. NRK Telemark sin reporter Stian Wåsjø Simonsen var torsdag føremiddag ute med Espen Marker i Statens naturoppsyn.

Han fortel at det er stor pågang på telefonen for tida, med folk som trur dei har sett ulv.

– Det er mange, men eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har vore ute og sett på spor. Det er i alle fall ein gong om dagen, seier Marker.

Ulvespor Porsgunn

Spora etter dyret forsvant nedover bakken i vegen der det også kjører bilar.

Foto: Anita Moland / NRK

Ikkje ulv i byområde

Det er ikkje så mange gonger han har vore sikker på at det har vore ulv, og det er også vanskeleg å vere heilt sikker.

– Det er ikkje blitt konkludert at det er ulv i nokon av dei meldingane vi har fått i Langesund eller i byområda, seier Marker.

Han trur at stor merksemd rundt observasjonar av ulv i Nome og Drangedal er årsaka til at folk trur dei ser spor etter ulv.

Treng hjelp til å kartlegge

Espen Marker

Espen Marker i Statens Naturoppsyn.

Foto: Jonas Rydén / NRK

SNO treng hjelp for å kartlegge ulven, og Marker oppmodar alle som ser mogelege spor om å melde frå.

– Det er veldig bra at folk melder frå. Det er vi avhengig av, seier Marker.

Men Marker meiner det er ingen grunn til å vere redd for å møte ulv.

– Det er ingenting som tyder på at dette er ulv om er nærgåande, seier Marker.

Ikkje grunn til å vere redde

For sjølv om det er ulv i området, meiner Marker det er ingenting som tyder på at den er i nærleiken område der det bur folk.

– Alt tyder på at det ikkje er nokon grunn til å vere redde, seier Marker.

Normalt vil ein ulv halde seg på trygg avstand frå menneske.

Marker fortel at ein hundepote er alt ifrå tre centimeter til tolv-tretten centimeter brei. Og det er breidda SNO ser på når dei skal avgjere kva for dyr det er spor etter.

– Breidda må vere opp mot åtte-ti centimeter før det kan vere snakk om ulv. Og så er det tyngda på dyret vi ser etter. At dyret tråkkar skikkeleg igjennom for ulven er eit tungt dyr, seier Marker.

Følgjer opp alle spor

Og i tillegg er det måten dyret bevegar seg på. Korleis den tar seg fram i terrenget og korleis den oppfører seg i forhold til framande ting som hus og gjerde, skispor og skuterspor.

Det tar tid for SNO og følge opp alle meldingar om dyrespor som kan vere ulv. Men SNO oppmodar alle som ser spor om å melde frå om dette.

– Dessutan ser det ut til at ulven er i område med skispor, så vi kan nok vente fleire meldingar, seier Marker.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark