Hopp til innhold

Huset for ugifte menn

RJUKAN (NRK): Det er mykje historie i dei nedbrende veggane til Mandheimen asylmottak på Rjukan. Bygget er ikkje freda, men det er likevel ei moralsk plikt å bygge opp att huset meiner kunsthistorikar.

Laster innhold, vennligst vent..

Mandheimen er ein del av sjela i det gamle industrisamfunnet, seier Stig Andersen.

Han er kunsthistorikar og forfattar med spisskompetanse på industriarven frå Notodden og Rjukan.

– Det er jo ikkje eit bygg som er meint å sjå spesielt flott ut. Det er mykje meir praktisk retta, men det er likevel teikna Harald Aars, som er ein av Noregs fremste arkitektar, seier han.

Mandheimen har fått namnet sitt fordi det var eit hybelhus for ugifte menn som kom til Rjukan for å jobbe i industrien for Norsk Hydro. Då bygget blei tatt i bruk i 1916, var det plass til 91 unge menn. Eit fåtal budde på enkeltrom, dei aller fleste på dobbeltrom.

Stig Andersen framfor branntomta

TRIST Å SJÅ: Kunsthistorikar og forfattar Stig Andersen blir vemodig når han ser opp på det som er igjen av Mandheimen asylmottak.

Foto: Even Skårberg Aarnes / NRK

Moralsk plikt å bygge opp att

– Det er vondt å sjå eit bygg med så mykje sjel, miste den sjela i løpet av ei natt, seier Andersen når han no kikkar opp på det øydelagde bygget.

Store delar av taket har forsvunne etter at øvre del av bygget stod i full fyr i helga.

– Eg meiner det er ei moralsk plikt å reise dette bygget opp att, seier han.

Men kan ein bevara sjela i huset når mykje av det opphavlege no er vekk?

– Ja, sjå berre på kva dei gjorde i Tyskland etter andre verdskrig. Mange byar var nesten borte, men dei bygde det opp att. Det kan ein også gjere her på Rjukan, seier han.

Hanna Kosonen Geiran, avd.dir. Riksantikvaren

SATSAR PÅ RESTAURERING: Avdelingsdirektør hjå Riksantikvaren, Hanna Kosonen Geiran.

Avdelingsdirektør Hanna Geiran hjå Riksantikvaren seier at dei ventar på ein tilstandsrapport etter brannen. Fyrst i neste veke skal riksantikvaren ha møte med Telemark fylkeskommune og Tinn kommune.

Geiran seier at det var planen å pusse opp Mandheimen no i vår. Pengane som var sett av til dette arbeidet blir no truleg bruka til restaurering av det brende bygget.

– Målet er at me skal bygge opp att, og me har eit godt samarbeid med både kommune og fylkeskommune, seier Geiran.

Company town

Både Notodden og Rjukan er såkalla "company towns", einsidige industrisamfunn bygd opp rundt den store industribedrifta Norsk Hydro. Dei bygde opp det meste på Rjukan, og dreiv både sjukehus, stølar, meieri og altså bustader for arbeidsfolka sine slik som hybelhuset Mandheimen.

Rjukan og Notodden er på verdsarvlista til UNESCO fordi dei er unike når det gjeld moderne industrihistorie. Korleis arbeidarane budde, er ein viktig del av denne historia, seier Andersen.

Andersen fortel at Norsk Hydro selde bygget til Tinn kommune alt i 1924. Kommunen har bruka det til ulike ting, blant anna har det vore husmorskule og pleie- og aldersheim.